JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Blasfemilov med nye dødsoffer

Ein skomakar vart lynsja til døde. Ei psykisk sjuk kvinne sit i fengsel, med risiko for dødsdom. Pakistans blasfemilov er livsfarleg i hendene på ekstremistar.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Den pakistanske organisasjonen Human Friends Organization, støtta av Stefanusalliansen, samla kyrkjeleiarar, sivilsamfunn og muslimske lærde til ein demonstrasjon i Lahore 8. juni i protest mot at blasfemilova vert brukt til hatprat og drap. Bakgrunnen var drapet på 73 år gamle Nazir Masih nokre dagar tidlegare.

Foto: Human Friends Organization/ Stefanusalliansen

6141
20240712
6141
20240712

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Pakistan

Den 73 år gamle kristne mannen Nazir Masih i Sargodha i Pakistan blei i slutten av mai lynsja til døde. Ein nabo skulda skomakaren for blasfemi etter at han hadde tent på papir som hadde blåst inn på tomta hans ei vindfull natt. Blant papiret var ein koran. Ei orsaking om at dette var eit uhell, vart blankt avvist. Naboen tilkalla ekstremistiske vener.

Familien til den ihelslegne må bu på hemmeleg adresse. Ein månad seinare døydde så enka, truleg på grunn av påkjenninga – ho var i alle fall ikkje sjuk før lynsjinga.

For nokre veker sidan blei ein sunnimuslimsk mann i Swat-dalen nordvest i Pakistan skulda for å ha vanæra Koranen. Han vart arrestert. Moskear blei brukte for å mobilisera. Då politiet nekta å utlevera den arresterte til den ekstremistiske mobben, storma mobben politistasjonen. Mobben lynsja den blasfemiskulda mannen til døde og sette deretter fyr på både liket og politistasjonen.

Nokre dagar tidlegare blei ei psykisk sjuk kristen kvinne i storbyen Lahore arrestert. Jameela Bibi (60) er skulda for å ha brote paragraf 295 C og risikerer dødsstraff for å ha vanæra Muhammed i ein disputt med ein kjøpmann. Advokaten vil krevja ho fri fordi ho er sjuk.

Dette er tre ferske døme på blasfemi-paragrafane som uttrykk for Pakistans tragedie.

2023 var eit vondt år

Medan grunnlova garanterer trusfridom, viser regjeringa stolt fram blasfemilova som vernar Koranen og Muhammed – med trussel om galgen. Ekstremistar nyttar lova som livsfarleg våpen mot religiøse minoritetar. 2023 var eit år med aukande bruk av blasfemilova og med fleire angrep mot ikkje-muslimar. Kristne var den mest utsette av minoritetane, det er grunn til djup uro etter ein serie ferske angrep mot kristne. Ahmadya-samfunnet opplevde mange angrep på gudshusa sine.

Men det er ikkje berre ikkje-muslimar som vert ramma. Av dei 329 som i fjor blei skulda for brot på blasfemilovene, var faktisk tre av fire muslimar. Det viser ein rapport frå Centre for Social Justice. Halvparten av desse var sjiamuslimar som møter mykje diskriminering og hat i eit sunnidominert land. Til samanlikning: Elleve var kristne.

Nedbrent nabolag

På den andre sida får valdsangrep mot kristne og andre ikkje-muslimske minoritetar tragiske følgjer for livsvilkåra deira. Det er nok å sjå den frykta som vart forsterka då eit heilt kristent nabolag – med 90 hus og innpå 25 kyrkjer – vart brent ned i Jaranwala i august i fjor. Og tek vi omsyn til talet på kristne i Pakistan, er denne vesle minoriteten utsett for høvesvis svært mange angrep.

Å skulda nokon for blasfemi utløyser arrestasjon og ofte mange år i ei fengselscelle, sjølv om skuldingane er grunnlause. Dei må venta årevis før ein høgre rett venteleg frikjenner dei.

Den kristne firebarnsfaren Asif Pervaiz er dømt til døden. Han er bura inne på ellevte året, han vart dømd til døden i 2020. Når han får ankesaka opp, er heilt i det blå. Den same lagnaden ramma universitetslæraren Junaid Hafez. Han blei arrestert i 2013 då studentane skulda han for å ha fornærma Muhammed på sosiale medium. Fulbright-utdanna Hafez har vore plassert i einecelle sidan 2014 då den første advokaten hans vart drepen. I 2019 vart Hafez dømt til døden.

Drepne av ekstremistar

Ingen er nemleg avretta etter dødsdom. Men ifølgje Centre for Social Justice vart minst 94 blasfemi-skulda personar drepne av ekstremistgrupper mellom 1994 og 2023. Sju vart slått i hel i fjor, blant dei både sjiamuslimar og sikhar. Så langt i år er altså minst to drepne av ekstremistar som tek dødsstraffa i eigne hender.

Ved utgangen av 2023 var minst 2449 personar tiltalt, formelt eller uformelt, sidan blasfemilova blei stramma til i 1987 då general Zia ul-Haq islamiserte landet.

I fjor vedtok dessutan parlamentet ei ytterlegare utviding av lova. Minstestraffa vart auka til ti år. Og det vart vedteke ei straff på fengsel inntil livstid for å vanæra mellom andre konene til Muhammed og fire kalifar.

Sidan presidenten ikkje har signert paragrafane, er dette ikkje gjeldande lov. Menneskerettsgrupper er likevel urolege for følgjene for religiøse minoritetar, ikkje minst sjiamuslimane. Ekstremistar bryr seg som kjent aldri om juridiske formalitetar når dei mobiliserer og ropar på galgen.

Muslimar med i protest

Noreg blei gledeleg nok kvitt blasfemilova vår i 2015. Men det er likevel eit milelangt stykke frå forbodet mot Life of Brian i 1980, til at det vert tromma saman ein rasande mobb på hundrevis for å slå i hel ein kristen skomakar eller brenna ned eit heilt nabolag i Pakistan. Måtte tankegangen at Gud klarar seg, det er menneske vi skal verna, slå inn.

Etter lynsjinga av Nazir Masih vart det i storbyen Lahore tromma saman ein protestaksjon der også fleire muslimske lærde var med. Stefanusalliansens partnar arrangerte. Eit av krava er å stogga misbruket av blasfemilova, eit anna er oppgjer med valdeleg hatprat i medium og moskear.

Ekstremistane er i mindretal. Men med guddommeleg raseri og tilgang til moskear har dei makt over mange tause – og altfor ofte over lokalt politi og lågare domstolar. Høgsterettsjustitiarius retta tidlegare i år knallhard kritikk mot politiet for svært mangelfull etterforsking av tragedien som ramma det kristne nabolaget i Jaranwala. Politiet la heller skulda på India enn å gå etter eigne, mektige ekstremistar. Og diverre: Regjeringa i Pakistan signerte i fjor ein livsfarleg avtale med Tehreek-e-Labaik Pakistan (TLP) om at dei er å rekna som eit politisk parti og ikkje ein terrororganisasjon. Slik får dei verste ekstremistane, som ofte står bak angrep mot minoritetar, tilgang til media.

Konfrontasjon

Norske utanriksministrar har teke opp hatefull retorikk og misbruk av blasfemi­lova. Men vil utanriksminister Espen Barth Eide og utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim leggja dei forverra følgjene for religiøse minoritetar tungt inn over sine pakistanske motpartar etter eit rekordår i misbruk av blasfemilova?

Johannes Morken er redaktør i Stefanusalliansen.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Johan Sverdrup feltsenter ved den offisielle opninga i 2020. Dette feltet vart oppdaga i 2010 og er det siste verkeleg store oljefunnet på norsk sokkel.

Foto: Carina Johansen / NTB

ØkonomiSamfunn

Ser ei slagside i direktoratet

Sokkeldirektoratet overdriv verdien av norsk
olje og gass, meiner universitetsrektor og petroleumsøkonom Klaus Mohn.

Per Anders Todal

Politiet har sperra av eit område etter at ein 16 år gammal gut har skote to personar, ei småbarnsmor og ein småbarnsfar, i bustaden deira i eit villaområde i Västberga i Stockholm i oktober i fjor. Mannen mista livet, medan kvinna slapp med livstrugande skadar.

Foto: Nils Petter Nilsson / TT / NTB

Samfunn

Rekordlang straff etter trippeldrap

To svenske tenåringar vart førre veke dømde til 10 og 12 år i fengsel. Dommen viser kva rolle mindreårige speler i kriminelle nettverk. Og at dei kan verte straffa hardt.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis