Blasfemilov med nye dødsoffer
Den pakistanske organisasjonen Human Friends Organization, støtta av Stefanusalliansen, samla kyrkjeleiarar, sivilsamfunn og muslimske lærde til ein demonstrasjon i Lahore 8. juni i protest mot at blasfemilova vert brukt til hatprat og drap. Bakgrunnen var drapet på 73 år gamle Nazir Masih nokre dagar tidlegare.
Foto: Human Friends Organization/ Stefanusalliansen
Ein skomakar vart lynsja til døde. Ei psykisk sjuk kvinne sit i fengsel, med risiko for dødsdom. Pakistans blasfemilov er livsfarleg i hendene på ekstremistar.
Den 73 år gamle kristne mannen Nazir Masih i Sargodha i Pakistan blei i slutten av mai lynsja til døde. Ein nabo skulda skomakaren for blasfemi etter at han hadde tent på papir som hadde blåst inn på tomta hans ei vindfull natt. Blant papiret var ein koran. Ei orsaking om at dette var eit uhell, vart blankt avvist. Naboen tilkalla ekstremistiske vener.
Familien til den ihelslegne må bu på hemmeleg adresse. Ein månad seinare døydde så enka, truleg på grunn av påkjenninga – ho var i alle fall ikkje sjuk før lynsjinga.
For nokre veker sidan blei ein sunnimuslimsk mann i Swat-dalen nordvest i Pakistan skulda for å ha vanæra Koranen. Han vart arrestert. Moskear blei brukte for å mobilisera. Då politiet nekta å utlevera den arresterte til den ekstremistiske mobben, storma mobben politistasjonen. Mobben lynsja den blasfemiskulda mannen til døde og sette deretter fyr på både liket og politistasjonen.
Nokre dagar tidlegare blei ei psykisk sjuk kristen kvinne i storbyen Lahore arrestert. Jameela Bibi (60) er skulda for å ha brote paragraf 295 C og risikerer dødsstraff for å ha vanæra Muhammed i ein disputt med ein kjøpmann. Advokaten vil krevja ho fri fordi ho er sjuk.
Dette er tre ferske døme på blasfemi-paragrafane som uttrykk for Pakistans tragedie.
2023 var eit vondt år
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.