I Dag og Tid sist veke svarar Kristin Clemet på min kommentar om prestasjonane til norske 15-åringar i den nye Pisa-undersøkinga. Elevane får eit svakare resultat i både matte, naturfag og lesing enn sist gong undersøkinga vart gjennomført. I starten av innlegget brukar Clemet mykje plass på mi formulering om at «pandemien får mykje av skulda» for resultata.
For å tolke setninga til at eg påstår at nedstenginga er den heile og fulle årsaka til fallet, skal det ganske mykje vrangvilje til. Poenget mitt var at skuleforskarar i alle land som har opplevd eit tilsvarande fall i denne nye Pisa-undersøkinga, held pandemien fram som ei plausibel forklaring.
Eg mistenkjer at årsaka til Clemets vrangvilje er at ho har eit ettermæle ho vil forsvare.
I kommentaren skriv eg at norsk skule i fleire omgangar har blitt eit bytte for politikarar med fikse idear. Og Clemet har heilt rett når ho antar at eg reknar henne som ein av dei.
Som utdannings- og forskingsminister i åra 2001–2005 tok Clemet initiativ til ei rad skulereformer. Reformene vart drivne fram av Pisa-sjokket 2001, då norske elevar også gjorde det svakt i matte, naturfag og lesing.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.