«Det dreier seg om å ha eit truverdig forsvar som held fiendar borte.»
Svenske soldatar øver på grensa mellom Noreg og Finland under Nordic Response i 2024.
Foto: Heiko Junge / NTB
Kan USA føra inn atomvåpen på norsk jord i ly av den nye bilaterale forsvarsavtalen som nyleg blei vedtatt med stort fleirtal i Stortinget, mot tolv røyster frå Rødt og SV? Dette antydar Sandnesavdelinga av «Internasjonal kvinneliga for fred og frihet» (IKFF), ved to av dei, i Dag og Tid nr. 25.
Ein har m.a.o. lite tiltru til amerikanske hensikter og norsk evne til å halda oppsyn. Men det gir uansett ikkje meining med «løynde» atomvåpen. Poenget med slike våpen er avskrekking. Russland har t.d. nyleg plassert ut atomvåpen i Belarus og legg ikkje akkurat skjul på det.
Avtalen inneber at USA kan få tilgang til visse norske militære område når situasjonen krev det. Det er såleis ikkje basar det er snakk om, slik det blir påstått i innlegget.
Avtalen har ein bakgrunn som Sandnesavdelinga av IKFF, ved to av dei, ikkje nemner, den russiske råskapen som utspelar seg i Ukraina, og som har gjort at landa i Europa har fått det travelt med å styrkja forsvarsevna, og her også leggja til rette for styrkeoverføringar. Forsvarsavtalen med USA er ein del av dette.
Som dei er inne på, er USA i ein klasse for seg militært, men som dei også er inne på, har USA forpliktingar over store delar av verda, Japan, Sør-Korea osv. Dette reduserer då den delen som er tilgjengeleg for forsvar av Europa, og som dessutan i stor grad ligg på «feil» side av Atlanteren, styrkeoverføringar vil ta vekevis og månadsvis. Styrketilhøvet i Europa er ikkje så einsidig som dei gjer inntrykk av. Då er det viktig å kunna redusera responstida ved tilrettelagde område og lagring av utstyr. Det dreier seg om å ha eit truverdig forsvar som held fiendar borte.
Alternativet deira ser ut til å vera «å ha eit godt forhold til vår store nabo i aust». Men dette toget har gått for lengst. Det er uråd å ha eit godt forhold til eit mafia- og oligarkregime styrt av Putin som ikkje anerkjenner naboland, prøver å knusa Ukraina, har utført drap i utlandet i årevis og ikkje held avtalar. Sverige og Finland har gått andre vegen og meldt seg inn i Nato og med liknande bilaterale avtalar som Noreg. Skal me då gå motsett veg? Og det er Putin som stadig raslar med atomvåpen, det er heller dette IKFF burde vera opptatt av.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.