JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Donald Trump og Andrew Jackson

Utruleg nok kan altså Trump, som no er dømd for kjeltringstrekar i stor skala, bli presidentkandidat for Det republikanske partiet.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Andrew Jackson var president i USA frå 1829 til 1837.

Foto via Wikimedia Commons

2930
20240607
2930
20240607

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

USA

Så har presidentkandidat Donald Trump endeleg fått sin første dom. Skuldig på alle punkt. Lese opp i amerikansk rett med stor sans for drama, detaljar og alvor.

Den eine veka står Trump fram på fjernsyn som ihuga bibellesar, med oppmoding til amerikanarane om å be meir og oftare, «to make America great again». Den andre veka får han dom mellom anna for ein avtale han skal ha inngått med ei pornofilmstjerne som har fått ei bøtte med pengar for å halde munn. Etterpå seier han til alle som høyrer på, at domen mot han berre er løgn og fanteri. Han står fast på at han er utan skuld og rein som eit barn. Utruleg.

«Sjølv har Trump meint at han er på same linje som Andrew Jackson.»

Utruleg nok kan altså Trump, som no er dømd for kjeltringstrekar i stor skala, bli presidentkandidat for Det republikanske partiet til haustens val, kandidat for det som ein gong var Abraham Lincolns parti. Det verkar totalt absurd. Liksom stormen mot kongressbygget var det i januar 2021. Mange meiner nok at dette er noko heilt nytt i amerikansk politisk soge.

Sjølv har Trump meint at han er på same linje som Andrew Jackson, som var president frå 1829 til 1837. Truleg er det ein eller fleire av medarbeidarane hans som har peika på dette for han. Trump sjølv kjente knapt godt nok til amerikansk historie til å kunne tenkje ut ei slik line. I alle fall hadde han eit portrett av Jackson på sentral plass over pulten sin i Det kvite huset i den tida han var der.

Jackson var som kjent slaveeigar og skandaløst korttenkt i sin politikk mot indianarane. Han tok del i krigen mot britane i 1812.

Professor Sigmund Skard (1903–1995), vår store amerikanist, opplevde ikkje Trump. Om Skard hadde sett storminga av Kongressen i 2021, ville han knapt ha trudd det. Men etter det han skreiv om innsettinga av president Jackson i sitt kapittel om amerikansk realisme i Verdens Litteraturhistorie (bind 8, Oslo: 1972, s. 374–474), hadde han nok vore betre rusta enn dei fleste av oss til å tolke det som hende?

Les det han skreiv om innsettinga av president Jackson i 1829:

«Då presidenten reid tilbake frå seremonien på Capitol, vart han bokstaveleg følgd heim av sine eigne veljarmassar, som ville nyta sigeren sin, – ein brokut sverm av bondekjerrer, ekvipasjar, og fotgjengarar av alle klasser og hudfargar. Dei klemde seg inn i Det kvite huset med sjølvsagd rett, menn, kjerringar og ungar. Dei stod på stolane i dei søylute støvlane sine, knuste asjettar og glas, og drog seg ikkje ut før punsj vart servert baljevis på grasplenen. Presidenten måtte bergast frå folket sitt ut gjennom vindauga.

Amerikanarar med minne om Washington og Jeffersons formsikre ’romerske’ republikk skremdest ved slike scener.» (s. 375)

Det var det god grunn til. Den gong som no.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Nye rekruttar til Ukrainas 3. åtaksbrigade trenar ved Kyiv 9. april 2024. Menn i våpenfør alder som nektar mobilisering, kan få fengselsstraff på mellom tre og fem år.

Foto: Vadim Ghirda / AP / NTB

KrigSamfunn

Tårer på jernbanestasjonen

For ei veke sidan vende eg enda ein gong attende til Ukraina etter tre veker i Europa. Denne gongen gjekk heimvegen gjennom den slovakiske byen Kosice, som ligg 120 kilometer frå grensa til Ukraina.

Andrej Kurkov

Raudfota skogskjelpadde er ein av dei tre artane av skjelpadde som er godkjende til bruk som familiedyr i Noreg.

Raudfota skogskjelpadde er ein av dei tre artane av skjelpadde som er godkjende til bruk som familiedyr i Noreg.

Foto via Wikimedia Commons

KunnskapFeature
Arve Nilsen

Skjelpadder

Etter at menneska klatra ned frå trea og oppover på næringskjeda, har nok mange skjelpadder blitt fanga og hamna i gryta.

Biletet syner Blixtunnelen på Follobanen rett før opninga i desember 2022. Nokre dagar etter vart tunnelen stengd på grunn av varmgang i kablane. Opprettinga skal vare til desember i år.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Politiske signalfeil

Det er mange grunnar til at toget ikkje går når det skal i Noreg. Her er nokre av dei.

Ikkje berre krig og kriser kan føre til legemiddelmangel. Heile leveringskjeda er sårbar.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Samfunn
Sofie May Rånes

Det veikaste leddet i legemiddelkjeda

Europeiske land bør samarbeide for å sikre forsyninga av legemiddel, seier professor Marianne Jahre.

KommentarSamfunn

Sjølvmord av frykt for dauden

Macron-strategien for nyval fremjar det han vil unngå.

Bjørn Kvalsvik Nicolaysen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis