Dufta av kvantekaffi
President Joe Biden ser på ei kvantedatamaskin hos teknologiselskapet IBM i 2022.
Foto: Andrew Harnik / AP / NTB
«Kvanteteorien gøymer seg bak eit tjukt villnis av matematikk.»
Det var med stor glede eg såg at Dag og Tid publiserte ein spanande artikkel om gryande kvanteteknologi 13. desember Potensialet i teknologien er tungt underkommunisert, så det er på høg tid at vi får opp augo og kjenner kaffilukta, som dei seier, også her på berget.
Og det var gledeleg å sjå at også regjeringa har kjent kaffilukta og lovd 70 millionar kroner per år framover til forsking på ny kvanteteknologi. Vi på OsloMet hadde gleda av å vere vertskap for Karianne Tung, Oddmund Hoel og Bjørn Arild Gram då dei nyleg delte denne glade bodskapen.
Sidan vi snakkarom teknologi som kan kome til å endre verda, er det viktig at fleire enn fagfolk veit noko om kva det går i. Dufta av kvantekaffi må nå fleire. Men det kan vere vanskeleg å finne ein god balanse når ein skal forklare ikkje-intuitive kvantefenomen. Kanskje må ein kompromisse med kva som er presist, eller rett, når ein skal gjere kvanteverda forståeleg. Forklaringa på kva samanfiltring er, i den nemnde Dag og Tid-artikkelen, viser dette.
Samtidig er kvanteverda for viktig – og for vakker – til ikkje å prøve. Så når vi kan lese at «Skal vi vere ærlege, vil nok dei færraste av oss nokon gong forstå avansert kvanteteknologi», synest eg dette blir for passivt.
Men haldninga er lett å forstå. Og vi som sit i akademiske elfenbeinstårn, skal ta vår del av skulda. Det kan sjå ut som at kvanteteorien gøymer seg bak eit tjukt villnis av matematikk, at kvanteverda berre er synleg for dei opplyste som har 60 mattepoeng, minst.
På OsloMet prøver viå utfordre tradisjonen som seier at kvanteinnsikt berre er matematikk-kompetente til del. Det gjer vi mellom anna ved å tilby eit etter- og vidareutdanningskurs mynta på vaksne som kan mangle studiepoeng i matematikk, men som har nyfikne.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.