JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

«Eg trur ikkje 'folk flest' er klimaskeptikarar, dei er derimot sterkt imot tiltaka som vert sette inn.»

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Setten vindpark nordaust for Setskog i Akershus.

Foto: Geir Olsen / NTB

4042
20241018
4042
20241018

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Klima

«Kapitulasjon i klimapolitikken» er overskrifta i ein artikkel i Dag og Tid 11. oktober av journalist Per Anders Todal. Her finn vi ei god forklaring på kvifor statsbudsjettet ikkje vil bidra til å nå det nasjonale klimamålet i 2030.

Eg vonar at Dag og Tid borar vidare i dette temaet, for eg saknar ei breiare vurdering av sjølve klimapolitikken, ikkje om det legitime behovet for å få ned utsleppa nasjonalt og globalt, men at tiltaka som vert sette inn, i stor grad er ei grønvasking utan at det vert stilt spørsmål ved at veksten i energiforbruket skal gjennomførast med natur og miljøskadeleg vindkraft. Premissen om at Noreg er ei klimasinke i høve til EU-landa, meiner eg også er noko media har slukt ukritisk.

Eit av favorittprogramma mine i NRK radio er «Norsken, svensken og dansken». Dei tre programvertane ristar godt i dagsaktuelle saker i landa våre på ein opplysande og underhaldande måte. I ein av episodane var alle samde om kor hyklersk Noreg operer i klimadebatten.

Men er det sant at Noreg er ei sinke i høve til naboane og resten av EU-landa? Kva og kven er mest hyklersk?

Ja, det er jo rett at Noreg tener på krigen på grunn av olja og gassen. Og vi burde brukt meir av inntektene i støtte til Ukraina og trekke oljefondet ut av israelske selskap og annan urett i verda. Men kven er ikkje hyklersk når det gjeld klimagassutslepp?

I Europa er skogens opptak av CO2 ein del av klimarekneskapen. Erna Solberg fekk Høgre til å snu, slik at skogens opptak av gassen ikkje vert medrekna i Noreg. I Danmark vert brenning av trepellets rekna som fornybar energi sjølv om utsleppet av klimagass er som for brenning av kol. Og kor fornybar er vindkraft når vi reknar med produksjon av turbinane, bygging av vegar og nedbygging av natur? I kalde Noreg brukar vi elektrisitet frå fornyeleg vasskraft til både lys og oppvarming. Det blir difor heilt feil å samanlikne EU-landa med Noreg både når det gjeld produksjon av fornybar energi og forbruk.

Noreg gjennomførte mykje av det grøne skiftet for lenge sida. Då kan vi ikkje bruke prosentvis samanlikning av fornybarsatsinga med EU-landa for så ulike startnivå.

Så er vi vel alle hykleriske så lenge vi ikkje er villige til å redusere det enorme forbruket vi har, mykje basert på billig arbeidskraft og naturressursar frå fattige land.

Men Noreg har ingen grunn til å skamme seg meir enn andre land. Snarare tvert om så lenge Europa treng olje og gass. Og det gjer dei vel? I tillegg eksporterer Noreg straum til EU, slik at industri og husstandar i Noreg må betale dyrt for straumen som før var ein rimeleg og viktig infrastruktur.

Norsken, svensken og dansken bør oppdatere seg om dei ønskjer å vere etterrettelege. Men verre er det at både Arbeidarpartiet, Høgre og media generelt er like hyklerske.

Eg trur ikkje «folk flest» er klimaskeptikarar, dei er derimot sterkt imot tiltaka som vert sette inn: nedbygging og miljøforsøpling av land og hav med ustabil vindkraft.

No har Støre lansert den største satsinga på naturbevaring nokosinne. Då burde han sjølvsagt stanse den desidert største syndaren vindindustri, som saman med hyttebygging er vilja rovdrift på natur. No ser vi heldigvis at vindkraft har blitt den mest upopulære energiforma i ei spørjeundersøking, medan kjernekraft toppar. På tide at politikarane lyttar til folket no!

Og i programposten Politisk kvarter i NRK burde venstrepolitikaren Rotevatn, som så høglydt kritiserte regjeringas klimasatsing, blitt utfordra på kva som er Venstre si løysing. Men det veit vi vel: Det er å bygge ned store naturområde med ustabil vindindustri, noko som igjen krev arealkrevjande ny nettutbygging. Konsekvensen er også eit press på vasskrafta vår, som må vere balansekraft. Det betyr effektkøyring med stor skade på vassdragsnaturen og slitasje på vasskraft turbinane.

Kvifor vil ikkje eller evnar ikkje media å konfrontere politikarane med dette og anna grønvasking av det grøne skiftet?

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Setten vindpark nordaust for Setskog i Akershus.

Setten vindpark nordaust for Setskog i Akershus.

Foto: Geir Olsen / NTB

Ordskifte

«Eg trur ikkje 'folk flest' er klimaskeptikarar, dei er derimot sterkt imot tiltaka som vert sette inn.»

TrondSundby

Erik Bjerck Hagen er professor i allmenn litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen.

Foto: Hedda Cecilie Hagen

BokMeldingar

Kielland i fyr og flamme

Erik Bjerck Hagen gjev oss eit gjensyn med heile romanuniverset til Alexander Kielland og klarer å visa fram kvalitetane.

Jan Inge Sørbø

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis