Ordskifte

Ei forklaring på strevet

Mange meiner at fleire ADHD-diagnosar heng saman med mindre frileik.
Publisert Sist oppdatert

I ei tid då førekomsten av ADHD aukar, har fleire ulike forklaringar vore fremja. Dei varierer frå at smarttelefonane er skuldige, til at det handlar om dårleg forståing av kvinnehelse, eller at det er eit mannsproblem knytt til den akademiserte skulen og det tiltakande akademiske samfunnet. Felles for desse forklaringane er at dei dreier seg om forhold utanfor individet.

Eg meiner at vi ikkje må bruke nevrobiologiske og samfunnsmessige forklaringsmåtar for ADHD i den grad at det utelukkar spørsmålet om årsaker som ligg i korleis eit individ ser på og tenkjer omkring seg sjølv og verda. Slike årsakssamanhengar, som ein i psykologien kan kalle kognitive, trur eg er sentrale i auken.

Når eg har møtt menneske i ADHD-utgreiing, har eg blitt slått av kor ofte det i livet deira er eit før og etter i når dei begynte å tenke på om dei har ADHD. Frøet kan verte sådd på fleire måtar – gjennom vener, familie, kollegaer eller sosiale medium som TikTok og Instagram. Oftast vert tanken avvist, og frøet får ikkje god jord å vokse i. Men nokre er sårbare for tanken, og frøet veks seg større.

Dei tilviste som har fått eit slikt frø sådd, og no har bede om utgreiing for tilstanden, fortel gjerne at dei hadde ein vanskeleg periode i livet då frøet vart sådd, og at dei ikkje såg, eller ser, nokon veg ut av situasjonen. Mange har tankar som: «Kva er gale med meg?» Då kan ADHD-hypotesen verte ei forklaring og eit svar: «Det må vere noko med meg, kanskje eg har ADHD?»

Dersom dei får bekrefta diagnosen, får dei ei forklaring som vert framstilt som noko som er utanfor dei sjølve og psyken deira – ein medisinsk diagnose. Dei får eit svar på spørsmålet.

Frå ein terapeutisk ståstad kan vi forklare at noko av det som er godt med å få stadfesta diagnosen, i tillegg til eventuelle verknader frå medisinar, er nettopp at grublinga tek slutt. Når folk i media og i terapirommet fortel at ADHD vart løysinga for dei, kan det vere fordi det gav dei eit slags svar på strevet, ei forklaring.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement