Ein alternativ Nord-Noregbane?
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Samferdsel
Laurdag 19. oktober hadde Aftenposten ein artikkel der dei siterte ein analyse som Marstrand AS og Høgskolen i Molde har utarbeidd for Samferdselsdepartementet og Finansdepartementet. Dei har gått gjennom «konseptutvalutgreiinga Nord-Norgebanen». Konklusjonen på analysen er at det er «ulønnsomt å bygge en ny jernbane nord for Fauske på grunn av begrenset nytte, høye kostnader og store konsekvenser for natur, miljø og reindrift».
Etter det som står i artikkelen, har ikkje konseptvalutgreiinga og dermed analysen, sett på andre løysingar enn at banen skulle først gjennom Noreg. Løysingar som førte til at delar av banen gikk gjennom Sverige, blei ikkje vurdert. Det var synd.
Eit alternativ er å legge ei jernbaneline frå Fauske og austover til den når den svenske Innlandsbanan. Toget kunne så følge Innlandsbanan til Kiruna, og så følge Ofotbanen frå Kiruna til Narvik. Ettersom det er strekninga gjennom Noreg frå Fauske til Narvik som er den dyraste delen av prosjektet som blir vurdert i utgreiinga, kunne dette alternativet redusere anleggkostnadane.
Ei slik løysing kunne dekke fleire behov enn transport av personar og gods mellom sør og nord i Norge. Skade på Ofotbanen har i fleire månader hindra eksporten av jernmalm frå Kiruna til den europeiske marknaden. Eit brot i leveringa er alvorleg både for Sverige og for Europa. Jernbane frå Kiruna til Bodø, kunne nyttast som ei reserveløysing dersom skade på Ofotbanen skulle oppstå i framtida.
Sverige og Finland er no blitt medlemmer av Nato. Det betyr at transport av forsvarspersonell, -utstyr og -materiell, som blir sende sjøvegen til Noreg, treng jernbanetransport vidare til dei to landa. (Sjå artikkel i Aftenposten 26. oktober.) I dag er det to måtar å ordne dette på, nemleg Ofotbanen over Narvik, eller Merkåkerbanen over Trondheim. Med jernbane frå Fauske til Innlandsbanan og dermed til det svenske og finske jernbanenettet har ein eit tredje alternativ for denne transporten, nemleg over Bodø.
Ei vidareføring av Nordlandsbanen gjennom Noreg er for dyr til at konseptutgreiing og analyse kunne tilrå det. Ei jernbaneline frå Fauske til Innlandsbanan vil truleg vere eit billegare alternativ, og vil kunne gjennomførast med svensk-norsk finansiering – kanskje også med midlar frå EU og Nato. Er det for mykje å be om ein «mulighetsstudie» av dette alternativet?
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.