JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Ein endrar ikkje naturen med talemåtar

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Elliott Verdier / The New York Times / NTB

2293
20240503
2293
20240503

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Identitet

Takk til Ida Lødemel Tvedt for essayet «Feltnotat frå kulturkrigane» (12. april) og intervjuet med Judith Butler (19. april). Butler har skrive boka Who’s Afraid of gender. Eg har òg tenkt litt på gender.

Talemåtar kan nok endre kulturen, men ikkje naturen. Det er ikkje rart at antigender-idear kjem fram etter at det har vore prøvd å endre sjølve naturen. Med «flytande kjønn» har ein prøvd å endre den gamle kunnskapen om to kjønn. Butler godtek òg to biologiske kjønn, men tanken om at «gender» skulle vere noko anna, vil eg prøve å argumentere mot:

«Talemåtar kan nok endre kulturen, men ikkje naturen.»

«Kjønn» og «gender» har same ordstamme sjølv om dei har fått forskjellige tydingar etter kvart. Det har med ætt å gjere. Norsk etymologisk ordbok seier: «kjønn: sexus, art, menneskegruppe (organismer) som enten har hankjønns- eller hunkjønnsegenskaper. Av norrønt «kyn» «kjønn, ætt, avkom […] Den indoeuropeiske roten er … *gen- ’føde, avle’».

Dei engelske orda «sex» og «gender» tyder altså det same, begge peiker på ætt og avkom. Det kjønnet ein fekk utdelt ved fødselen – som ein seier (men som faktisk var synleg på ultralyd lenge før fødselen) – det er det ein er. Det hadde i grunnen vore meir i samsvar med fakta å seie «som vart stadfesta» eller «som kom til syne».

Menneske har forskjellig identitetsoppleving og ter seg deretter. Om ein får kommentarar for utsjånaden sin, får ein lage seg eit godt svar. Nokre seier rett ut det dei ser, utan å tenke på om det er sårande, derfor må alle lære seg å takle spydige utsegner. Anten ein må ta buss med karnevalsklede, gå med kontrabass på ryggen eller gå på feil do, får ein berre øve seg på å smile tilbake og seie «ja då» eller noko anna avvæpnande.

Kunne samfunnet ha halde fast ved to kjønn, ville ein kunne unngå mange språklege problem. Då er vi tilbake til naturen, og ein slepp alle korrigerande behandlingar. Alle blir nemnde «han» eller «ho» etter kven dei synte seg å vere ved fødselen – slik det har vore i uminnelege tider – og alle får oppføre seg nett slik dei sjølv vil. Då ville ein innanfor trygge rammer og i pakt med naturen unngå frykta for å krenke eller for sjølv å bli krenkt, og gleda over mangfaldet kunne få blomstre i fred og ro.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Rita Paramalingam er fødd i 1993 i Oslo og er jurist. Ho debuterte i 2017 og kjem no med sin andre roman.

Foto: Marthe Haarstad

Meldingar

Den vanskelege sameksistensen

Rita Paramalingam skriv overtydande om sosial dysfunksjonalitet.

Odd W. Surén

Teikning: May Linn Clement

BokMeldingar
Olav H. Hauge

Olav H. Hauge-dagbøkene

15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»

Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.

Foto: Michael Putland / ECM Records

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Hand-i-hanske-duo

Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.

Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.

Foto: Julie Engvik

BokMeldingar
Sindre Ekrheim

Noko for seg sjølv og noko for kvarandre

Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.

Svenske soldatar øver på grensa mellom Noreg og Finland under Nordic Response i 2024.

Foto: Heiko Junge / NTB

Ordskifte

«Det dreier seg om å ha eit truverdig forsvar som held fiendar borte.»

Tor OlavHauge

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis