JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Ein medisinsk pioner

Alain Cribier lét seg ikkje knekka av motstanden korkje frå kollegaer eller frå industrien.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Professor Alain Cribier (1945–2024), leiar for kardiologitenesta ved universitetssjukehuset i Rouen, fotografert i 2002.

Foto: Robert Francois / AFP

3367
20240614
3367
20240614

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Helse

Dei fleste fekk nok med seg kong Haralds dramatiske ferietur med heimtransport i ambulansefly og deretter pacemaker-operasjon. Kongen hadde alt i 2005, 68 år gammal, gjennomgått ein større klaffeoperasjon der det vart sydd inn ein biologisk ventil mellom venstre hjartekammer og hovudpulsåra. Ein slik ventil har avgrensa levetid, og det viste seg etter 15 år også i kongens tilfelle.

For eit par tiår sidan hadde alternativet vore ein ny stor hjarteoperasjon, eit risikabelt prosjekt på ein eldre person.

I dag har vi eit alternativ, gjennom ei åre i lysken kan legen føra eit tynt kateter med ein samanfalda ventil, som så blir blåst opp med ein ballong i rett posisjon. Skånsamt for skrøpelege eldre, som kan vera på beina alt dagen etter, og utskrivast etter eit par dagar.

Det var nok langt færre som fekk med seg at han som utvikla denne teknikken – TAVI, med eit medisinsk uttrykk – professor Alain Cribier ved universitetssjukehuset i Rouen, døydde nyleg 79 år gammal. Ikkje berre kongen, men tre millionar andre over heile verda, har god grunn til å takka Alain Cribier for fleire år med god livskvalitet.

Professor Alain Cribier vart fødd i Paris i 1945, karrieren stod mellom musikk og medisin, han valde det siste, men kunne nok òg blitt ein dyktig pianist. Som spesialist i hjartesjukdommar såg han mange med alvorlege klaffefeil der ein hadde lite å stilla opp med. Han byrja å reflektera over om ein kunne hjelpa desse på ein meir skånsam måte enn ved open hjartekirurgi, var det mogleg å konstruera ein kunstig ventil som kunne førast inn gjennom blodårene?

Han møtte mykje motstand, det var ikkje teknisk mogeleg og uansett for risikabelt! Alain Cribier lét seg ikkje knekka av motstanden korkje frå kollegaer eller frå industrien.

Etter mange dyreforsøk saman med lojale medarbeidarar var han klar for det første inngrepet på menneske. 16. april 2002 fekk ein svært sjuk 57 år gammal mann som den første ein såkalla TAVI. Det var vellukka, og det var på mange måtar eit medisinsk kvantesprang. I dag er dette inngrepet rutine på alle store hjarteavdelingar over heile verda, indikasjonen vert gradvis utvida og komplikasjonane færre og færre.

Alain Cribier er blitt karakterisert som ein mann med uvanleg stor omsorg for sine pasientar, men òg for sitt team av medarbeidarar, ikkje minst kollegaer i starten av karrieren. Kanskje var det ikkje tilfeldig at han var inspirert av legen, teologen, musikaren og fredsprisvinnaren Albert Schweitzer, som han vart kjent med i ungdommen?

Har dette interesse og overføringsverdi til andre enn dei som sjølv har klaffesjukdom eller jobbar for å hjelpa dei som har det? Ja, det trur eg, for i ei tid då alle store framskritt tilsynelatande skjer gjennom team work og globale nettverk viser historia til Alain Cribier at det kreative enkeltmennesket som tenkjer nytt og er uthaldande nok, kan løfta verda eitt eller fleire hakk oppover.

Denne utviklinga ville kome uansett, vil mange hevda. Ja, men kanskje først fleire år seinare, og mange ville då ikkje fått tilbodet.

«A great doctor has left us, but his work lives on», stod det i minneordet i European Heart Journal. Tre millionar pasientar og mange kollegaer kan minnast han i takksemd.

Frode Thorup er kardiolog.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Johan Sverdrup feltsenter ved den offisielle opninga i 2020. Dette feltet vart oppdaga i 2010 og er det siste verkeleg store oljefunnet på norsk sokkel.

Foto: Carina Johansen / NTB

ØkonomiSamfunn

Ser ei slagside i direktoratet

Sokkeldirektoratet overdriv verdien av norsk
olje og gass, meiner universitetsrektor og petroleumsøkonom Klaus Mohn.

Per Anders Todal

Politiet har sperra av eit område etter at ein 16 år gammal gut har skote to personar, ei småbarnsmor og ein småbarnsfar, i bustaden deira i eit villaområde i Västberga i Stockholm i oktober i fjor. Mannen mista livet, medan kvinna slapp med livstrugande skadar.

Foto: Nils Petter Nilsson / TT / NTB

Samfunn

Rekordlang straff etter trippeldrap

To svenske tenåringar vart førre veke dømde til 10 og 12 år i fengsel. Dommen viser kva rolle mindreårige speler i kriminelle nettverk. Og at dei kan verte straffa hardt.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis