Ein overraskelse i tre akter
1. Overraskelse, ca. 1968
Ho var blitt litt overraska over at dei nye skrivegutane var på førenamn med velkjende størrelsar i media, som for eksempel Brikt Jensen og Georg Johannesen. Gutane var gjerne på veg til eller frå Brikt eller Georg, og Georg måtte vere ganske spennande, for dei kunne få dårleg tid når dei stod på farten. Og plutseleg ein dag på Majorstua i Oslo får ho ein overraskelse til i det ho skimtar ein uroleg fyr på trikkehaldeplassen; han var svart i håret, hadde lys, brun skinnjakke over ein raud genser, og han rørte seg som ein røyskatt eller muligens mår … og det blinka blankt og kvitt i augene hans på lang avstand. Oi-sann! Det der var nok Georg Johannesen tenker ho i det han forsvinn inn på trikken.
2. Håp, ca. 1970
Det var sommar. Kvart bidige år er det sommar, og ho ruslar omkring i sommargraset og kjenner på noko som ikkje riktig vil vere sommar uansett. Dette var livet, ja, dette er livet, og ho ser ut over sjøen og tilværet og litteraturen og ser mellom anna at sjøen er vakker, og at den rører på seg, men det vil ikkje endre på så mykje.
Men så ein dag har ho plutseleg oppfatta at der finst alternativ, nesten heilt utan vidare. Ho kan la graset og sommaren og litteraturhistoria vere sommar, gras og litteraturhistorie, ho kan gå inn i huset og ta fram tekstar som tydelegvis er skrivne for å utfordre ubestemmelege sommarstemningar. Ein av forfattarane heiter Georg Johannesen, og då dreiar det seg om litteratur som etter kvart (for henne) blir eit slag smertestillande med sine ivrige forslag til alternativ.
Tekstane rører seg tematisk i rasande fart mellom litteratur og samfunn, kulturkonvensjonar og modernitet, dei utfordrar lesarens kunnskapsnivå, og demonstrerer både glede, sinne og skadefryd. Her blei, eksempelvis og heilt uventa, den antatt forvirrande og lettvinte modernismen slept ut av tankeburet sitt på europeisk 1800-tal for deretter å bli gjenoppdaga i t.d. norsk mellomalderdikting, eller antikken, eller egyptisk kunst i bronsealderen osv. Før den til slutt blir aktualisert til her og nå:
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.