Einsidig om seinfølger
Risikoen for seinfølger etter covid-19 har falle dramatisk, og det er ikkje grunn til å tru at han aukar med gjentatte infeksjonar
Barnelege og stipendiat Joel Selvakumar er kritisk til fleire artiklar Dag og Tid har publisert om seinfølger av covid-19.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Les også
Foto: Terje Pedersen / NTB
Tendensiøs statistikk om senfølger
Les også
Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.
Foto: Erik Johansen / NTB
Meir om seinfølgjer
Les også
Selv med økende immunitet i befolkningen, viser tilgjengelige, men altfor sparsomme data at sars-cov-2-viruset fortsetter å belaste vårt samfunn, skriver Gunhild Alvik Nyborg.
Foto: Stian Lysberg Solum / NTB
Svar til Preben Aavitsland
Les også
Immunitet etter infeksjon, vaksinasjon eller begge gir godt og varig vern mot alvorleg covid-19 og seinfølgjer.
Foto: David Goldman / AP / NTB
Seinfølgjer etter covid-19
Les også
I 2021 fekk storparten av befolkninga covid-19-vaksine. Her set sjukepleiar Åshild Skårland vaksinen i armen til Hilde Arnesen på eit vaksinesenter i i Oslo. I dag får berre folk i risikogruppene tilbod om vaksine. Helsearbeidarar har ikkje noko generelt påbod om munnbind ved pasientkontakt, og dei får ikkje tilbod om vaksine.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
For ein mildare pandemi
Les også
Dagens norske politikk impliserer en befolkning med stadig dårligere helse og kognitiv yteevne, uten å ta i bruk den fulle beskyttende effekt vi kan få fra vaksinene, skriv Gunhild Alvik Nyborg i debattinnlegget.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Store og økende belastninger
Les også
Foto: UiB
Trur fleire vaksinar vil løne seg
Les også
Fagdirektør Preben Aavitsland er skeptisk til studiane som tyder på at covid-infeksjon aukar risikoen for hjarte- og karsjukdom mykje.
Foto: Tor Erik Schrøder / NTB
Med smitte skal landet vernast
Les også
Illustrasjon: Shutterstock / NTB
På hjartet laus

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Covid-19
Dag og Tid har den siste tida publisert fleire saker om seinfølger etter korona, der ein får inntrykk av at FHI står aleine på sidelinja og er «skeptiske» til effektive tiltak, mens risikoen for seinfølger etter korona aukar. Er det verkeleg slik?
I 2020 var korona eit heilt nytt virus for kroppen, og både viruset og den heftige responsen frå immunforsvaret gav alvorleg sjukdom. Etter kvart som befolkninga har fått auka immunitet, gjennom vaksinering og eksponering for viruset, har risikoen for alvorleg sjukdom blitt mindre og mindre. Av same grunn har risikoen for seinfølger minka dramatisk: Til dømes fann den store REACT-studien at andelen som fekk lang-covid, fall med 90 prosent frå 2020 til 2022.
I Dag og Tid blir ein studie av eldre, sjuke veteranar trekt fram som eit døme på at risikoen for seinfølger som blodpropp er auka fleire år etter korona. Studien samanliknar ei gruppe som fekk korona, med ei som fekk influensa. Men les ein studien, ser ein at kurvene for korona og influensa skil lag ved starten og held seg parallelle. Kva tyder dette? At korona var verre enn influensa heilt akutt, men at det ikkje var auka risiko for tilleggssjukdom i tida etter.
I fleire saker les me at risikoen for seinfølger aukar for kvar infeksjon. Ein viser til ein rapport frå Canada: Han ser ut til å visa at risikoen er 15 prosent etter ein infeksjon, og aukar til 38 prosent (!) etter tre infeksjonar. Men rapporten har metodiske svakheiter, og forfattarane åtvarar om at ein difor ikkje kan konkludera noko om årsak og verknad. Britiske CIS, rekna som ei av dei beste undersøkingane om covid-19, fann tvert om at dei som fekk infeksjon for andre gong, hadde 30 prosent mindre sjanse for å rapportera seinfølger enn dei som fekk infeksjon for første gong.
For å beskytta mot seinfølger – kvifor ikkje gi betre tilgang til virus-hemmaren Paxlovid? foreslår Dag og Tid. Produsenten Pfizer publiserte i 2022 ein studie om legemiddelet med brask og bram: Paxlovid beskytta mot alvorleg covid-19 hos sårbare, uvaksinerte menneske! Men dei køyrde parallelt ein annan studie, som spurde: Kan Paxlovid òg beskytta mot alvorleg sjukdom hos dei vaksinerte? Her blei det stilt frå Pfizer.
Tala frå denne andre studien blei lagt særs stille ut på ei nettside etter eit halvt års trenering: Produsenten fann ingen sikker effekt hos vaksinerte menneske. Fleire forskar i dag på om medisinen likevel kan ha ein effekt mot seinfølger. Fram til det kjem overtydande resultat, er problemet med Paxlovid ikkje at den er dyr eller lite tilgjengeleg, men at den ikkje funkar.
Dag og Tid skriv at fleire studiar viser at enkle, portable maskinar kan reinsa lufta i til dømes eit klasserom for viruspartiklar. Men problemet er at det ikkje hjelper å reinsa lufta i rommet når den smittsame kameraten din harkar opp ei virussky to centimeter frå ansiktet ditt. Studiar som testar effekt av luftreinsarar på faktisk sjukdom, ikkje berre konsentrasjon av virus, har difor nedslåande resultat.
Frå Australia har me òg eit eksempel til åtvaring: I eit prestisjeprosjekt for to år sidan brukte delstaten Victoria nesten 1 milliard kroner på å innføra reinsarar i alle klasserom. Dei hadde ingen dokumentert effekt på smittetala. Før me innfører luftreinsarar, trengst studiar som viser korleis dei kan fungera i praksis.
Ein liten andel opplever redusert funksjon etter covid-19, og det finst menneske som framleis har symptom etter den første koronaen i 2020. Men risikoen for seinfølger har falle dramatisk, og det er ikkje grunn til å tru at han aukar med gjentatte infeksjonar. Om ein skal innføra tiltak, må dei vera kostnadseffektive og fungera mot faktisk sjukdom, og ikkje berre på konsentrasjon av partiklar i lufta eller virus i eit laboratorieglas. Viss ikkje risikerer me å gjera som i Australia, og bokstavleg talt blåsa pengane ut vindauget.
Joel Selvakumar er barnelege og stipendiat ved Ahus / Universitetet i Oslo.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.
Foto: Trond A. Isaksen
Singel og sanatorium
Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.
Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.
Foto: Stord vgs
Kampen om kunstfaga
Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.
Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.
Foto: Per Anders Todal
Fiskar er fiskar verst
Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.
Mannsutvalet saman med kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery under overrekkinga av rapporten.
Foto: Ole Berg-Rusten
Vil avlive likestillingsmytar
Forskar Mari Teigen ønskjer seg ein kjønnsdebatt bygd på kunnskap.
Statsministeren i Storbritannia, Rishi Sunak, har varsla at dei fyrste flya mot Rwanda skal vere i lufta løpet av ti til tolv veker.
Foto: Toby Melville / Reuters / NTB
Vil nytte Rwanda
som asylskremsel
Den som prøver å ta seg til Storbritannia med båt over Den engelske kanalen for å søkje asyl, risikerer i framtida å verte sett på eit fly til Rwanda utan høve til å returnere.