Einsidig om seinfølger
Barnelege og stipendiat Joel Selvakumar er kritisk til fleire artiklar Dag og Tid har publisert om seinfølger av covid-19.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Risikoen for seinfølger etter covid-19 har falle dramatisk, og det er ikkje grunn til å tru at han aukar med gjentatte infeksjonar
Dag og Tid har den siste tida publisert fleire saker om seinfølger etter korona, der ein får inntrykk av at FHI står aleine på sidelinja og er «skeptiske» til effektive tiltak, mens risikoen for seinfølger etter korona aukar. Er det verkeleg slik?
I 2020 var korona eit heilt nytt virus for kroppen, og både viruset og den heftige responsen frå immunforsvaret gav alvorleg sjukdom. Etter kvart som befolkninga har fått auka immunitet, gjennom vaksinering og eksponering for viruset, har risikoen for alvorleg sjukdom blitt mindre og mindre. Av same grunn har risikoen for seinfølger minka dramatisk: Til dømes fann den store REACT-studien at andelen som fekk lang-covid, fall med 90 prosent frå 2020 til 2022.
I Dag og Tid blir ein studie av eldre, sjuke veteranar trekt fram som eit døme på at risikoen for seinfølger som blodpropp er auka fleire år etter korona. Studien samanliknar ei gruppe som fekk korona, med ei som fekk influensa. Men les ein studien, ser ein at kurvene for korona og influensa skil lag ved starten og held seg parallelle. Kva tyder dette? At korona var verre enn influensa heilt akutt, men at det ikkje var auka risiko for tilleggssjukdom i tida etter.
I fleire saker les me at risikoen for seinfølger aukar for kvar infeksjon. Ein viser til ein rapport frå Canada: Han ser ut til å visa at risikoen er 15 prosent etter ein infeksjon, og aukar til 38 prosent (!) etter tre infeksjonar. Men rapporten har metodiske svakheiter, og forfattarane åtvarar om at ein difor ikkje kan konkludera noko om årsak og verknad. Britiske CIS, rekna som ei av dei beste undersøkingane om covid-19, fann tvert om at dei som fekk infeksjon for andre gong, hadde 30 prosent mindre sjanse for å rapportera seinfølger enn dei som fekk infeksjon for første gong.
For å beskytta mot seinfølger – kvifor ikkje gi betre tilgang til virus-hemmaren Paxlovid? foreslår Dag og Tid. Produsenten Pfizer publiserte i 2022 ein studie om legemiddelet med brask og bram: Paxlovid beskytta mot alvorleg covid-19 hos sårbare, uvaksinerte menneske! Men dei køyrde parallelt ein annan studie, som spurde: Kan Paxlovid òg beskytta mot alvorleg sjukdom hos dei vaksinerte? Her blei det stilt frå Pfizer.
Tala frå denne andre studien blei lagt særs stille ut på ei nettside etter eit halvt års trenering: Produsenten fann ingen sikker effekt hos vaksinerte menneske. Fleire forskar i dag på om medisinen likevel kan ha ein effekt mot seinfølger. Fram til det kjem overtydande resultat, er problemet med Paxlovid ikkje at den er dyr eller lite tilgjengeleg, men at den ikkje funkar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.