«Eit gjennomgåande tema i Project 2025 er den sterke motstanden mot Kina.»
Foto: Charlie Neibergall / AP / NTB
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
USA
Dag og Tid (29. november) har publisert ein interessant artikkel om USA og Project 2025 (The Heritage Foundation). Mykje tilseier at The Heritage Foundation vil vera førande for ein del av politikken til Trump.
Project 2025 har mellom anna Ronald Reagan som sitt førebilete, og kven er det Trump har utpeika til den viktige jobben som stabssjef? Jo, Susie Wiles, ein tidlegare medarbeidar i Ronald Reagans valteam på 1980-talet. Han har òg utpeika Tulsi Gabbard til etterretningsdirektør. Som regel skal FBI gjere ein grundig bakgrunnssjekk av alle nye regjeringsmedlemmer, men Trump har ikkje følgt rutinane for dette, og det er ikkje sikkert han vil gjera det heller. Han har ofte uttrykt skepsis til FBI. Ein mistillit som nærast er identisk med den som blir formulert i Project 2025. Sannsynlegvis inga tilfeldigheit.
Eit gjennomgåande tema i Project 2025 er den sterke motstanden mot Kina. Kina blir gjennomgåande vurdert som den største trusselen mot USA. Det er tryggingspolitikken som er førande for å ta tilbake mykje av den industriproduksjonen som i dag er utplassert til Kina. Den primære oppgåva til sentralbanken skal vera å hindra prisstigning, og Trump har stilt spørsmål om sjølvstendet til sentralbanken. Ei utfordring for Trump er at han nok kan kontrollera dei kortsiktige rentene (sentralbanken), men ikkje dei langsiktige (obligasjonsmarknaden). Skattekutt og auka statsunderskot kan redusera kursen på amerikanske statsobligasjonar og føra til at obligasjons- og dei langsiktige rentene aukar. I det heile kan eit aukande amerikansk statsunderskot trua både Trumps økonomiske politikk og statsfinansane. Mellom anna finansieringa av forsvarsbudsjettet. Noko som vil auka den kinesiske trusselen. Ei utfordring som ikkje er adressert i Project 2025.
Det er også klare likskapar i synet på familie og religion mellom Project 2025 og det Putin forfektar i Russland. Det kan føra til ei uventa tilnærming mellom USA og Russland.
I det heile skal det bli spennande å følgja forholdet mellom Trump og The Heritage Foundation vidare. Ikkje minst blir det viktig for norske politikarar å tilpassa seg ein slik røyndom, uansett om dei liker han eller ikkje.
Andreas H. Bjercke er økonom.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.