Kronikk
Elprisar og straumstøtte
Frå no av får nordmenn straumstøtte når prisen er over 75 øre/kWh. Ordninga premierer folk som har god råd og brukar mykje straum.
Problemet med dagens straumstøtte er at jo meir straum du brukar, jo meir straumstøtte får du , skriv Jon Naustdalslid. Foto: Frank May / NTB
Foto: Frank May / NTB
Her eg sit på min utkikkspost i Södra Sverige og kikar over grensa til den norske straumdebatten, blir eg meir og meir forundra. At folk vil ha billegare straum, er forståeleg, men korleis det kan ha seg at folk hektar seg på hylekoret for billeg straum, drive fram av den uheilage alliansen mellom Frp og Raudt, er for meg uforståeleg.
Eg bur i eit land utan straumstøtte og med overføringskablar som gir fri flyt av kraft mellom Sverige og resten av Europa. Også her er det slik at vi klagar over straumprisen og krev utbygging av meir kraft og betre overføringskapasitet, men bortsett frå i Vänsterpartiet er det ikkje noko krav om å melde seg ut av det europeiske kraftsamarbeidet.
Etter at straumprisen i Sør-Noreg kom opp i over 13 kroner ein enkelt time torsdag 12. desember, rett nok minus straumstøtte, eksploderte debatten. På facebooksida mi blei energiministeren latterleggjord då han minte om straumstøtta. Andre gremma seg over at straumstøtta var ei belastning for skattebetalarane, og at dersom berre staten kunne kutte utanlandskablar og regulere straumprisen ned til ein makspris på 50 øre (Frp) eller 35 øre (Raudt), ville dette også komme oss skattebetalarar til gode.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.