Energipolitikk og val av teknologi
Vi må stanse skadeverka på natur, kraftsystem og lokalsamfunn.
Vindkrafta slepp å betale slike systemkostnader, likevel hevdar styresmaktene at vindkraft er billegast, skriv Harald Dagfinn Kjelstad.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Energi
Tidleg lærte vi å utnytte vasskrafta, først til kverner og sager, så turbinar til kraftproduksjon. Vi bygde dammar for å ha vassføring året rundt, og vi utvikla industri og arbeidsplassar. Vi skapte velstand og sosial utjamning med velferd for oss alle. I slettelanda bygde dei vindmøller for same føremål, men produksjon av stabil straum var umogeleg, dei måtte ty til fyring med kol, olje og gass.
Spekulantar forstod verdien av norske fossefall. Teknologar i samspel med styresmaktene stoppa dei for vel 100 år sidan. Kraftproduksjonen skulle for all framtid vere vår nasjonale strategiske infrastruktur.
Raserte areal
Med energilova i 1991 kom det første avviket, det neste ved EØS-avtala i 1992. Frå 2012 la regjeringane til rette for slettelanda sin vindteknologi, og det vart gjeve mange konsesjonar. Berekraft i norsk natur var det ingen som spurde om. Under Solberg-regjeringane vart konsesjonane effektuerte, med pantsetting og rasering av store areal. Verka vart selde med superprofitt til internasjonale ansiktslause investeringsselskap. Nye sjøkablar til Tyskland og Storbritannia auka kraftprisane. Norske forbrukarar må betale ein høg pris.
«Berekraft i norsk natur var det ingen som spurde om.»
Tilliten bleikna
Støre-regjeringa frå 2021 held fram med same politikk. Arbeidarpartiet sin ideologi om velferd basert på ein sterk nasjonal energi- og industripolitikk var borte. Lause planar om «grøn» industri dukka opp over heile landet: batteri, hydrogen og ammoniakk, datasenter, elektrifisering av olje- og gassverksemd, alle med omfattande statleg støtte. Tilliten til styresmaktene bleikna. Regjeringspartia er i tilbakegang. Å velje feil teknologi er katastrofalt for eit stolt teknologisk samfunn. Vi taper både økonomisk, miljømessig og sosialt, konkurransekrafta er varig svekt.
Den ustabile krafta må balanserast, det må vassturbinane ta seg av. Stadige endringar i sol- og vindstyrke gjev raske endringar, ei stor påkjenning både i inntaksmagasin, tunnelar, svingekammer, maskiner og ikkje minst i opne elvar nedstraums. Kraftlinjene må forsterkast. Vindkrafta slepp å betale slike systemkostnader, likevel hevdar styresmaktene at vindkraft er billegast. Vi er det einaste av alle industrialiserte land som har hatt all kraftforsyning frå vasskraft. Dei andre har fossilkraft som balansekraft, lett å regulere, nye kolgruver vert opna, og utslepp av klimagassar aukar.
Nok kraft
NHO med Norwea-avleggaren Fornybar Norge, har fått LO og regjeringa med på «Kraftløftet» og vil mangedoble vindkraftutbygginga. Men vi har nok kraft, vi kan satse på energieffektivisering, kontroll av krafteksport, fornying av vasskrafta og andre velprøvde teknologiar.
Kjernekraft er det einaste som globalt kan redusere klimautsleppa. Teknologival må takast i samspel mellom strategiske politiske styresmakter og uavhengige fagfolk. Vi som er teknologar, naturvener, distrikts- og næringsutviklarar, eller berre glade i det vakre landet vårt, må ta ansvar. Vi må stanse skadeverka på natur, kraftsystem og lokalsamfunn. Vi er framleis det mest elektrifiserte landet i verda.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.