Engelsk som vi ikkje trengSPRÅKØystein OsloVi har mange engelske ord i norsk, og vi har hatt det lenge. Sams for slike eldre engelske ord i båe norske skriftspråk er at det ikkje fanst norske ord eller nemningar for dei da dei kom inn i norsk, og fordi dei

«Sale» er eit engelsk ord som stadig vert brukt i norske butikkar.
«Sale» er eit engelsk ord som stadig vert brukt i norske butikkar.
Publisert

Vi har mange engelske ord i norsk, og vi har hatt det lenge. Sams for slike eldre engelske ord i båe norske skriftspråk er at det ikkje fanst norske ord eller nemningar for dei da dei kom inn i norsk, og fordi dei i tillegg nå har vore brukt så lenge at dei kjennest norske. Ord som «tennis», «golf» og «film» er komne for å bli.

Det nye dei siste 10–20 åra er at det stadig oftare blir brukt engelske ord og vendingar som vi ikkje har bruk for, som vi på ingen måte treng. Vi har like gode eller betre norske ord. Nytt er det også at det ofte er høgt utdana personar – akademikarar, saman med journalistar og media – som sklir ut på denne måten. Altså nettopp dei gruppene som burde syna ansvar for å ta vare på og bruka eit godt norsk mål, anten det nå er nynorsk eller bokmål.

Nedanfor vil eg presentera ei litor samling slike ord for å syna kva eg meiner. Dei er noterte gjennom nokre få veker, og gjer ikkje krav på å representera eit gjennomsnitt korkje i tid eller rom:

«Kids(-a)» er eit ofte brukt, direkte ekkelt og unaudsynt ord for barn og ungdom. Eg veit ikkje kven som har innført dette i norsk. Vedkomande burde få straff; kanskje eit ferieopphald i New York?

Svært mange brukar «poppe opp»; når dei meiner at noko sprett, kjem eller fyk opp, utan at det engelske ordet har ein einaste påviseleg tilleggsverdi samanlikna med dei norske alternativ.

Eit anna engelsk ord som vi på ingen måte treng, er «spotte» i staden for norske ord som vi har brukt i mange hundre år, til dømes «sjå», «leggje merke til», «oppdaga» osb. Norsk er så rikt på ord og uttrykk at vi har nok å velja mellom. I tillegg har vi jo ordet «spotte» på norsk med tyding «håne» eller «gjera narr av». Bruken av det engelske ordet spot er altså ikkje berre unaudsynt, men skapar forvirring og surr.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement