Er Taiwan ikkje lenger Republikken Kina?

Publisert

Professor Halvor Eifring har skrive tre artiklar om Taiwan i Dag og Tid som samla sett er eit partsinnlegg for skipinga av ein taiwansk nasjonalstat.

Vestlege medium har dei siste åra lett fordekt teke til orde for taiwansk sjølvstende, og hevdar at det er Folkerepublikken Kina, med sitt meir enn 70 år gamle krav om Taiwans gjenforeining med fastlandet (inntil for kort tid sidan også delt av Republikken Kina, som Eifring omtalar som landet Taiwan), som er aggressiv. Kinas synspunkt er støtta av FN og alle dei 181 nasjonalstatane som landet har diplomatisk samband med.

Nemninga «den sjølvstyrte og demokratiske øya Taiwan» går att. Underteksta er Taiwans blømande demokrati sett opp mot Kinas kvelande diktatur, som berre eit sjølvstendig Taiwan kan reddast frå. Det er trist at slike karikaturar får breia seg, til fordel for ei nyansert framstilling av den kinesiske sivilisasjonen, som folk på begge sider av Taiwansundet tilhøyrer.

Republikken Kina har eit politisk system som i dag liknar vårt, men det meste av tida sidan skipinga i 1912 var det ein autoritær og korrupt eittpartistat. Men at Taiwans politiske system liknar vårt, kan ikkje vera eit argument mot gjenforeining og for sjølvstende.

Om kulturell kontinuitet med arven frå fortida var viktig, kunne ein hevda at Folkerepublikkens planmessige, langsiktige og ganske inkluderande eittpartistyre har langt meir sams med keisartidas i hovudsak kompetente byråkrati enn ymse asiatiske tidvis kaotiske kopiar av vestlege fleirpartidemokrati, Taiwans inkludert.

Sjølvstyre kan heller ikkje vera eit kriterium for suverenitet, for ei rekke nasjonalstatar har regionar med stor grad av sjølvstyre, utan ambisjonar om lausriving.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement