Førre veke kom Kjetil Lund, sjefen for NVE, med kritikk av meg fordi eg hadde skrive at han i ein kronikk i Aftenposten ikkje tok med at det i stor grad var regnet hausten 2022 som berga oss frå ein dårleg forsyningssituasjon i 2023. Lund gav æra til magasineigarane, som held att produksjonen. Dette skreiv Lund sjølv om statistikken syner at nettoeksporten ut av Sør-Noreg til kontinentet og England var på 10,7 TWh i 2022.
Svaret frå Lund er underleg og til dels manipulerande. Han skriv mellom anna: «Det hjelper ikkje på fyllingsgraden i kraftmagasina om det regner i gata der du bur. Det må regna i det vi kallar tilsigsområda til magasina, skal fyllingsgraden auke.»
Dette er dårleg ordskifteteknikk. Eg såg sjølvsagt på nedbøren i tilsigsområda og ikkje i gatene til korkje Lund eller meg. Vidare undrar han seg over kvifor eg seier at vi hadde flaks som unngår ein risiko for rasjonering til våren. Han vil vita kvifor. Svaret mitt er banalt: Om alt ekstraregnet som kom mellom veke 39 og 52, ikkje hadde kome, hadde vi mangla det vatnet og ikkje kunna ha nytta det om vinteren vart kald i Nord-Europa.
Kva skreiv Lund elles i kronikken eg kritiserte? «I fjor vår var det lite vann i kraftmagasinene i det sørlige Norge. Hadde vi vært sikre på at verden rundt oss ville fungere til vinteren, hadde det ikke vært et problem. Da kunne vi bare importert kraft ved behov. Men det var vi ikke sikre på våren 2022.»
Altså var Lund sjølv ikkje sikker på om vi hadde nok vatn til vårknipa 2023. Statnett skreiv i sumar: «Statnett følger situasjonen tett og varsler at forsyningssituasjonen kan bli anstrengt i enkelte situasjoner opp mot og gjennom vinteren 2023.»
Lund nyttar i tilsvaret mykje plass på å snakka om tilsig i andre periodar enn eg snakka om. Eg tok utgangspunkt i det han snakka om i kronikken, hausten 2022, og eg såg på vekene 39–52, som hadde unormalt mykje nedbør. Kvifor valde eg perioden med mykje nedbør? Av di det var då vatnet kom. Hadde ikkje vatnet kome, vil vi hatt mindre vatn, og vi hadde kanskje hamna i ein prekær situasjon.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.