Feil om kraft frå Hustad

Straummaster i desemberlys.
Straummaster i desemberlys.
Publisert

I Dag og Tid 27. januar hevdar Jon Hustad at eg ikkje gjev rett forklaring på den sterke auken i fyllingsgraden i kraftmagasina i det sørlige Noreg i fjor haust. Eg har i ein kronikk vist til at den viktigaste forklaringa var den låge produksjonen av regulerbar vasskraft. Hustad hevdar at det ikkje stemmer, og at vi vart redda av mykje regn. Vi hadde flaks som unngår rasjonering til våren, skriv Hustad.

La oss få omgrepa på plass først. Det hjelper ikkje på fyllingsgraden i kraftmagasina om det regner i gata der du bur. Det må regna i det vi kallar tilsigsområda til magasina, skal fyllingsgraden auke. Endring i fyllingsgrad i ein gitt periode er lik tilsiget til magasina minus vasskraftproduksjonen. La oss så sjå på tala frå i fjor haust:

Vi har tal for nyttbart tilsig for prisområda tilbake til 2015. Gjennomsnittleg tilsig til dei tre prisområda i det sørlege Noreg i perioden frå august til midten av november (då «tappesesongen» ofte startar) for åra 2015­–2021 er 30,7 TWh. I fjor var tilsiget i denne perioden 31,6 TWh, altså knappe 1 TWh meir enn snittet dei siste åra. Produksjonen i denne perioden var 17,7 TWh i fjor. Det er heile 8,2 TWh lågare enn gjennomsnittet dei siste åra. Auken i fyllingsgrad (tilsig minus produksjon) vart dermed 13,9 TWh (24 prosentpoeng) hausten 2022, noko som er rekord. Gjennomsnittet for dei siste åra er 4,7 TWh (8 prosentpoeng).

Som det framgår av tala, er den låge produksjonen den klart viktigaste forklaringa på den sterke auken i fyllingsgraden. Produksjonen frå dei magasina som er mest relevante for forsyningstryggleiken vår, var svært låg gjennom hausten. Justert for kraft til mellom anna minstevassføring og systemtenester var samla produksjon frå desse magasina enkelte veker heilt nede i 10 GWh.

Utvidar vi perioden til ut året (veke 52), blir biletet enda klårare: Tilsiget i den utvida perioden var i fjor rundt 3 TWh lågare enn snittet for dei siste åra. Magasinfyllinga auka likevel med nesten 5 TWh (9 prosentpoeng). Gjennomsnittet for dei siste sju åra er ein nedgang på 1,5 TWh (3 prosentpoeng).

Korleis kjem Hustad fram til sine tal? Ved at han kutter ut halve hausten. Han tek berre med perioden det regna mykje.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement