Feil om skogreisinga
Dersom driftskostnadene er større enn tømmerverdien, blir det ikkje hogst, skriv Hans Lauvstad.
Foto: Stian Lysberg Solum
Der Håkon Dag Sørland ser for seg dei enorme problema som plantinga førte med seg, ser eg ei suksesshistorie som kan bli verkeleg stor i samband med det grøne skiftet.
Jon Naustdalslid skriv i Dag og Tid 22. desember i fjor om granplantinga på heimegarden og i kyststroka elles. Han skriv balansert om konsekvensar av plantinga, og ikkje minst at det er mange føresetnader som kan forandre seg frå ein plantar til ein skal hauste kring 70 år seinare.
I Dag og Tid 19. januar tek Håkon Dag Sørland føre seg det han kallar «dei enorme problema som plantinga førte med seg».
Sjølv har eg arbeidd i skogoppsynet i same fylke som Naustdalslid og Sørland kjem frå, Sogn og Fjordane, i tett på 20 år, og meiner å kjenne skogbruket der godt.
Feil om forteneste
Mykje av det Sørland skriv, bør korrigerast. Det grovaste, der det han skriv er direkte feil, og som ikkje bør stå uimotsagt, er utsegna: «Ingen skogeigar kan drive ut skogen med forteneste. Verdien av skogen dekker berre halvdelen av kostnaden med granhogsten. Staten betalar resten.»
Slik er det ikkje. Det er salsverdien av tømmeret som dekker driftskostnadene. For at skogeigaren vel å hogge, må det også vere ein netto til skogeigaren. Dersom driftskostnadene er større enn tømmerverdien, blir det ikkje hogst. I svært vanskeleg terreng, oftast der det må brukast taubane, gjev staten tilskot som gjer at skogeigaren sit igjen med eit overskot, stort eller lite. Grunngjevinga for slik bruk av offentlege pengar er at dette råstoffet, ved foredling og andre ledd i verdikjeda, gjev ein verdi som er større enn den offentlege pengebruken.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.