Folk flest ynskjer eit godt samfunn
Det er ikkje enkelt å vita korleis ein styrer det offentlege helsevesenet godt, men helseminister Vestres meir pragmatiske linje gjev litt von, skriv Lars Kolbeinstveit.
Foto: Terje Pedersen / NTB
«Likskap er vanskeleg å få til om det offentlege skal driva alt sjølv.»
Tiril Halvorsens opphavelege påstand i Dag og Tid (31. mai) om at folk stemmer til høgre fordi dei er individualistar, er for enkel, og derfor spurde eg om ikkje ho og Agenda kunne reflektera over litt fleire hypotesar. Til dømes om venstresida set for mykje likskap mellom offentleg sektor og fellesskapet. Halvorsen skriv førre veke at ho kan tenka litt høgt, men fell altfor fort attende til den enkle hypotesen om at nokre interesser er betre enn andre.
Klassedimensjonen som Halvorsen trekker opp, kan forklare noko om korleis ulike folk (klassar) røystar. Men kva som er i arbeidarklassen si interesse, er det ulike svar på. Det er til dømes nokre i arbeidarklassen som kan meina at det er av det gode å ha fleire arbeidsgjevarar å velje blant. Dei ser at dei mister innverknad på eigen kvardag om det offentlege skal styra og driva for mykje.
Halvorsen skriv at ho ynskjer offentleg finansiert velferd, og ikkje eit samfunn der den enkelte må ta risiko og betala for mellom anna sjukehus sjølv. Men det er ei avsporing. Også høgresida vil ha offentleg finansiert velferd. Det ein diskuterer, er om velferda er tent med å bruka private leverandørar av offentleg finansierte tenester, og om det kan fremja betre tenester og dermed betre ressursutnytting.
Eg kritiserte venstresida for å vilja styra for mykje, og gløyma at poenget med offentleg finansiering ikkje er å styra meir, men å fremja like moglegheiter. Det er synd Halvorsen ikkje har noko å seia til dette, men berre fortsett med at nokre er for eit fellesskap, og nokre vil ha individualisme og marknad.
Likskap er eit viktig mål i den norske velferdsmodellen. Det er vanskeleg å få til om det offentlege skal driva alt sjølv. I eit slikt Noreg kan dei med tjukk lommebok, som ynskjer betre og raskare velferd, kjøpa heilprivat velferd sjølv. Det kan fremja ulikskap.
Det er i denne samanheng interessant at samstundes som Høgre gjer det svakare på målingar, så har Ap lagt seg på ei meir moderat linje i drøftinga mellom privat og offentleg velferd. Helseminister Jan Christian Vestre vil nytta private aktørar for å få ned helsekøane. Sosialistisk Venstreparti (SV) har allereie reagert, og svarer med Agenda-språk. Nestleiar Marian Hussein sa til Dagens Perspektiv førre veke at: «Vi kan ikke fortsette ferden mot den amerikaniseringen av helsevesenet som skjøt fart under regjeringen Solberg.»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.