JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Tapar terreng

Arbeidarpartiet mister veljarar blant akademikarar, syner ny måling.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Arbeidarpartiet har ein veg å gå fram mot neste stortingsval. Her er nestleiarane Jan Christian Vestre og Tonje Brenna på valvaka ved førre kommune- og fylkestingsval.

Terje Pedersen

8323
20240531

Samtalen

Tiril Rustand Halvorsen

rådgjevar i Tankesmien Agenda

Aktuell

Arbeidarpartiet har dårleg oppslutnad blant akademikarar

Tiril Halvorsen, rådgjevar i Tankesmien Agenda. Foto: Kaja Bruskeland og Elen Sonja Klouman

pernille@dagogtid.no

Fagforeininga Akademikerne har fått Respons Analyse til å kartleggje korleis akademikarar røystar.

Undersøkinga synte at berre 14 prosent av respondentane ville ha stemt Arbeidarpartiet (Ap) ved neste val. For folk under 35 år var talet berre 8 prosent.

Talet på folk over 16 år med høgare utdanning veks, frå 35 prosent i 2021 til 37 prosent i 2022, og difor vert veljargruppa viktigare for politikarene, hevdar enkelte.

Kva meiner Tiril Rustand Halvorsen, rådgjevar i den sentrum–venstre-orienterte Tankesmien Agenda, om målinga?

– Kvifor gjer Ap det dårleg blant akademikarar?

– Ein skal vere litt varsam med å overtolke einskildmålingar. Ap har over tid hatt dårlege målingar, i mange veljargrupper. At dei gjer det såpass dårleg i denne gruppa, trur eg handlar om at også akademikarar merkar at økonomien har endra seg. Prisane går opp, folk har stort studielån og gjerne bustadlån. Den høge renta rammar også dei med høg utdanning, særleg dei unge. Heller ikkje akademikarar er unnatekne frå tendensen til at parti som regjerer i vanskelege tider, dels vert skulda for å vere årsaka til vanskane.

– Akademikerne-leiaren meiner det er problematisk for Ap at dei har så låg oppslutnad blant akademikarar, fordi denne veljargruppa veks og difor vil verte viktigare å kapre. Held den analysen vatn?

– Tradisjonelt har Ap hatt tung veljarforankring i arbeidarklassa. Men no som veljarmassen har endra seg, er det klart at dei må nå ut til andre veljargrupper òg. Samstundes: Sjølv om det har vore ein auke i talet på dei som tek høgare utdanning, er det framleis slik at dei fleste i stemmefør alder i Noreg ikkje har ein mastergrad. Ein må difor ikkje overvurdere kor viktig det er for Ap å tekkjast denne veljargruppa. Det vert frå tid til anna hevda at dei er elitistiske, at dei har vorte eit middelklasseparti i for stor grad. I røynda er det framleis såkalla vanlege folk, folk med lågare utdanning og inntekt enn gruppa Akademikerne representerer, som er kjerneveljarane deira.

– Den ekstraordinære auken i arbeidsgjevaravgifta kan vere ein grunn til at regjeringa vart upopulær blant høgt utdanna. Auken ramma løner over 750.000, og difor kunnskapsbedrifter, i større mon. Kva har dette hatt å seie?

– Den mellombelse auken vart upopulær, men eg trur den negative effekten er overdriven. Det har ikkje regjeringa klart å formidle godt nok, gjeve at ho stod i ein pressa situasjon der ho måtte auke straumstønaden og andre ytingar til folk som trong det. Høgresida har vore god til å framstille all skatteauke som ein katastrofe, men i røynda avgjorde regjeringa å ta inn utgifta over skattesetelen til dei 20 prosent høgast lønte. Hadde det vore meir rettferdig å leggje den utgifta på dei 80 prosentane som tener mindre, eller til dømes kutte i helsetilbodet?

– Akademikerne kalla avgifta ei straff for å tilsetje høgt kvalifisert personell. Sosialistisk venstreparti (SV) peikte på at avgifta påverkar lønsdanninga ved å ete av ramma for lønsoppgjeret for alle tilsette, ikkje berre dei som tener over 750.000. Er ikkje det ein negativ effekt?

– Også LO var imot denne skatteauken av same grunn som SV, og det er gode argument. Og det er klart at auka arbeidsgjevaravgift gjev auka kostnader til bedrifter med mange som tener over 750.000 kroner. Samstundes har ho nok ikkje hatt ein like skadeleg effekt på botnlinja til bedriftene som høgresida har framstilt det som. Og no skal den ekstraordinære avgifta uansett vekk.

«Ein må ikkje overvurdere kor viktig det er for Ap å tekkjast denne veljargruppa.»

Tiril Rustand Halvorsen

– Høgre fekk 26 prosent oppslutnad på målinga. Inneber det at akademikarar er i ferd med å gå til høgre i politikken?

– Eg veit ikkje om eg er med på premissen for det spørsmålet. Generelt sett er tendensen at menneske med høgare utdanning stemmer til venstre, medan folk med god økonomi stemmer til høgre. Om ein ser på kor mange som vil stemme på parti på venstresida, ser ein at dei får høgare samla oppslutnad enn dei fire borgarlege partia til saman. Og SV får 16 prosent oppslutnad åleine.

– At 26 prosent vil stemme på Høgre, er likevel mykje, meir enn noko anna parti på målinga. Kvifor har Høgre appell hos denne veljargruppa?

– Det er det vanskeleg å gje eit konkret svar på. Når ulikskapen aukar generelt i samfunnet, ser vi ein tendens til aukande individualisering. Folk vert meir opptekne av seg sjølve og eigne problem, og vi har kanskje lettare for å gløyme at vi er avhengige av eit fellesskap for at samfunnet skal fungere.

– Det er ein ganske generell påstand. Kva siktar du til konkret?

– Høgre nyttar til dømes handlingsrommet i statsbudsjettet til å kutte skattar og avgifter, ikkje satse på velferd, og opnar for at folk kan kjøpe seg sentrale velferdsgode privat. Det viktigaste vert å ta vare på seg sjølv og sine eigne interesser. Då trur eg at «oss»-perspektivet forsvinn litt, og at ein individualistisk høgrepolitikk får større oppslutnad.

– For tida streikar Akademikerne i staten. Dei vil ha konkurransedyktig løn og lokale forhandlingar. I tillegg meiner dei at tette band mellom regjeringa og LO svekkjer akademikarane og politiserer streiken. Er det rart Ap får dårleg oppslutnad i den veljargruppa?

– Det er historiske og politiske årsaker til bandet mellom LO og Ap. Begge skulle fremje interessene til arbeidsfolk. Folk seier denne streiken er særskilt politisk, men vi må ikkje gløyme at Karianne Tung (digitaliserings- og forvaltningsminister, journ. merk.) er arbeidsgjevar i denne konflikten. Det er naturleg at ho har ei meining om korleis arbeidstakarane skal lønast. Lokale lønsforhandlingar opnar for meir individuelle skilnader. Kollektiv lønsdanning har vore kjernen i den norske lønsforhandlingsmodellen og tent norsk økonomi vel.

– Korleis?

– Når vi sikrar at alle får lik lønsvekst, uavhengig av marknadsmessige forskjellar mellom bransjar og verksemder, så gjer den norske modellen det mogleg å syte for å samstundes ha høg sysselsetjing, låge skilnader mellom folk og høg verdiskaping. Om mykje vert overlate til lokale forhandlingar, vil skilnadene auke, og mekanismane i modellen som har tent oss vel til no, vert sette ut av spel. Vi kan få løns- og prisspiralar og større svingingar i sysselsetjinga, noko vi ikkje ønskjer.

«Det er alvorleg å tape terreng, slik Ap har gjort. Det vil likevel ikkje seie at det ikkje kan gå betre igjen.»

Tiril Rustand Halvorsen

– Kvifor gjer Ap det dårleg blant dei under 35?

– Yngre veljarar stemmer oftare raudgrønt enn befolkninga elles, og sjølv om Ap gjer det dårleg, gjer den raudgrøne sida det godt i undersøkinga. I tillegg reagerer den yngre veljargruppa i større grad på trendar, dei er mindre lojale mot partia og byter oftare. Difor er det ikkje unaturleg at utslaga er store blant unge veljarar. Akkurat for denne gruppa trur eg det er eit problem at klimapolitikk ikkje har vore høgt nok oppe på agendaen.

– Ein kan sjå målinga som del av ein større trend, som også skulevalet i haust synte. Korleis skal Ap appellere til dei som går til høgre, særleg unge menn?

– At unge menn i aukande grad stemmer på parti på høgresida, er ein internasjonal trend. Eg trur ein del kan kome av stemmer på sosiale medium som er opptekne av sjølvrealisering og personleg suksess. Det appellerer nok til ein del menn, særlig dei som ikkje heilt heng med i dagens samfunn, med høgt tempo og høge krav. Då er det viktig å føre ein politikk som gjev ungdom von om at det er mogleg å leve eit godt liv i Noreg, og avgjerande å redusere ulikskap.

– Kor alvorleg er situasjonen for Ap no?

– Det er alvorleg å tape terreng, slik Ap har gjort. Det vil likevel ikkje seie at det ikkje kan gå betre igjen. I perioden i regjering har Ap gjennomført mykje god politikk: store velferdsreformer som billigare barnehagar, gratis SFO, pensjonsreform og auka studiestønad. Og dei har fått norsk økonomi gjennom pris- og energisjokket på ein relativt god måte. Samstundes har dei senka skatten på arbeid, det kjem dei fleste av oss til gode. Om vi får eit rentekutt eller to snart, trur eg det vil sjå ljosare ut for partiet.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Fleire artiklar

Hoer og ungfuglar av konglebit har gråare fjørdrakt, med gulgrøne felt.

Foto: Sveinung Lindaas

DyrFeature

Konglebitaren – den fargerike vandraren frå nord

Naïd Mubalegh

Teikning: May Linn Clement

Ord om språkKunnskap
Kristin Fridtun

«Me har ikkje grunnlag for å seia at bokmålsbrukarar har kvassare penn enn andre, men nokre av dei evnar å kløyva kvass i to.»

Gjennom Hitlers progagandaminister Joseph Goebbels får vi eit innblikk i sanninga bak Nazi-Tysklands propagandamaskin.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Propaganda på agendaen

Fører og forfører er ein drivande historietime om tidenes skumlaste skrønemakar.

Ein mann med tomlar opp i ruinane i ein forstad sør i Beirut etter at fredsavtalen mellom Hizbollah og Israel vart gjeldande 27. november.

Foto: Mohammed Yassin / Reuters / NTB

KommentarSamfunn
Cecilie Hellestveit

Fredsavtale med biverknader

Avtalen mellom Israel og Libanon kan få vidtrekkjande konsekvensar.

I starten av krigen sa Benjamin  Netanyahu at den store skilnaden mellom Israel og fiendelanda til Israel er at Israel verdset og vernar om liv.

Foto: Amir Cohen / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ettersøkt, men på offensiven

I førre veke blei Benjamin Netanyahu etterlyst av Den internasjonale straffedomstolen i Haag. Det er kanskje det største diplomatiske nederlaget i staten Israels historie.

Morten A. Strøksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis