Fordommar på leseglasa
Det finst sjølvsagt nestekjærleik både i andre kulturar enn den kristne og hos folk som «ikkje trur» at mennesket er skapt i Guds bilete.
Jubileumsfeiring for Kristenretten på Moster i år.
Foto: Silje Katrine Robinson / NTB
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Menneskeverd
Takk til Solveig Aareskjold som med svaret «Heidensk nestekjærleik» (Dag og Tid 28. juni) gjev meg høve til å klare opp misforståingar så vel som skuldingar etter mitt innlegg «Menneskeverdet er ikkje så sjølvsagt som vi trur» (Dag og Tid 21. juni).
For å ta skuldinga fyrst: «Dersom ein ikkje trur at mennesket er skapt i Guds bilete, kan det ikkje finnast noko menneskeverd, skriv Eivor Andersen Oftestad i ein artikkel om kristendomen i vikingtida.» Skreiv eg verkeleg det? Nei, her ligg Aareskjolds fordommar tjukt på leseglasa. Det finst sjølvsagt nestekjærleik både i andre kulturar enn den kristne og hos folk som «ikkje trur» at mennesket er skapt i Guds bilete. Det skjønar til og med eg, tenk det.
Aareskjold grunnar påstanden sin i eit sitat der eg peiker på at «miskunn og nestekjærleik vart utleidd av eit spesifikt syn på mennesket, nemleg at menneska er Guds bilete, lik Kristus sjølv». Her seier eg ikkje at det ikkje er mogleg å syne nestekjærleik utan å tru på dette menneskesynet, men eg peikar på korleis nestekjærleik vert grunngitt gjennom heile den kristne tradisjonen, også i den kristne mellomalderen. Historisk sett er det, meiner eg, liten tvil om samanhengen mellom eit kristent menneskesyn og dei menneskerettane vi byggjer samfunnet vårt på i dag.
Eit hovudpoeng i teksten min var at desse rettane kjem frå ein stad, nemleg det kristne menneskesynet, som igjen har ei spesifikk grunngjeving.
Aareskjold, som trur at eg fyrst og fremst skriv om vikingtida, trekkjer fram Eirik Raude som eksempel på «heidensk nestekjærleik» for å gå imot min påstand om at nestekjærleik ikkje var «ei naturleg haldning i kulturen, slik til dømes slaveri og trælevesen hadde vore». Eg gjev ho rett i at denne påstanden, når han er teken ut av samanheng, er knotete formulert, for her kan det sjå ut som om eg skriv om all slags omsorg for menneska, om gjestfridom og medkjensle. Men spørsmålet mitt er ikkje om det fanst gode menneske i den heidenske vikingtida, men om kva konsekvensar kristendomen førte med seg – på sikt – i kulturen.
Det gamle samfunnet var bygd på ætt og ære. På 1000-talet var kanskje ein fjerdedel av folket trælar. Det er vanskeleg å vite så mykje om vikingtida når kjeldene er skrivne i ettertid av kristne forfattarar. Men vi veit ein god del om til dømes Romarriket. Her førte kristendomen til ein revolusjon når det gjaldt synet på mennesket.
Teikning: May Linn Clement
Dette er ein type stor forteljing ein kan vere einig eller ueinig i, og sjølvsagt finne argument imot. Og det gjer Aareskjold så ofte ho kan. Veka før svaret i Dag og Tid viste ho til same eksempel med «den heidenske humanisten Eirik Raude» i Klassekampen, under overskrifta «Då Hitler vann». I hennar forteljing om trusskiftet vert Olav den heilage skildra som sin tids Hitler.
Nett no førebur det offentlege Noreg «Nasjonaljubileet 2030 – Norge i tusen år». Det tek utgangspunkt i Olavs død på Stiklestad. Men kvifor skal vi markere dette? Diskusjonen om kva forteljing vi løftar fram, og kvifor, bør vere sentral. I Aareskjolds forteljing er kristendomen den store ulukka som øydela ein sivilisasjon som ifølgje henne synte «meir respekt for mangfald og individualitet» og var langt betre enn den kristne. Det borgar for ein interessant debatt.
Eivor Andersen Oftestad er professor i kristendomshistorie ved Høgskulen i Innlandet og fast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.