Ordskifte
Fornufta på villspor
«Trua på at Putin ikkje vil nytta atomvåpen, vert motivert av trua på at terrorbalansen som gjennom den kalde krigen hindra bruk av kjernevåpen, enno gjeld.»
Mykola Sjuljha, leiar for Kharkiv-instituttet for fysikk og teknologi, syner skadane på det kjernefysiske laboratoriet etter russiske rakettåtak i 2023.
Foto: Oleksandr Brynza / AP / NTB
Ukraina-krigen
I svaret sitt til kommentaren min «Eg er dauden» i Dag og Tid 13. desember 2024 hevdar Sven Holtsmark at eg har sagt at vestlege politikarar ikkje er «klare over redslane til atomkrigen».
Men det har eg ikkje sagt.
Eg har sagt at redsla for at atomkrigen skal bryta ut, er blitt mindre, og at politikarane og dei militære derfor vert meir viljuge til å ta risikoar.
Men heller ikkje dette vil Holtsmark vera med på. Iallfall nyttar han mest halvdelen av svaret sitt til å seia at vestlege avgjerdstakarar er heilt klare over at Ukraina-konflikten kan gå over i bruk av atomvåpen.
Eg gav nokre døme på det motsette i artikkelen min. Det finst mange fleire. Til dømes seier den norske forsvarssjefen, Eirik Kristoffersen, i eit intervju med ei ungdomsavis i 2024 at han ikkje har tru på at atomvåpen vil bli nytta i Ukraina.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.