Fotball og laksediplomati
Ein tilhengjar støttar det saudiarabiske fotballaget.
Foto: Mohamed Abd El Ghany / Reuters / NTB
Fortener Saudi-Arabia meir merksemd fordi dei skal arrangera endå eit nytt idrettsarrangement? Absolutt. Klarer NFF å endra norsk utanrikspolitikk og handels- og reisemønster med kritikken sin? Truleg ikkje.
I leiaren i Dag og Tid 13. desember blir det trekt fram at Noregs Fotballforbund (NFF) og Amnesty kritiserer Saudi-Arabia fordi dei moglegvis ikkje fekk tildelt meisterskapen på ærleg vis, og fordi forholdet dei har til menneskerettar, har eit betydeleg forbetringspotensial. I leiaren får NFF skryt for å vera uredde og prinsippfaste.
Kva seier norske myndigheiter om same landet? På nettsida til Noregs ambassade i Riyadh kan me lesa: «Det bilaterale forholdet mellom Norge og Saudi-Arabia er godt, men det er potensial for mer samarbeid og kontakt, særlig innen industri, handel og næringsliv, samt innen akademia, kultur og andre områder.»
Og: «Handelen mellom Norge og Saudi-Arabia har de siste årene vært relativt beskjeden og ligget omtrent jevnt på litt i overkant av 2 milliarder kroner», der laks utgjer ein stor del.
Det blir også trekt fram at det er reformer på gang i landet.
Myndigheitene våre meiner det er pengar å tena og band å binda med Saudi-Arabia, og at ting er på rett veg. Medan NFF meiner dei ikkje burde fått tildelt meisterskapen slik situasjonen er no.
Kva skal dei som berre interesserer seg for fotball kvart fjerde år, meina? Eg meiner det er feil å hogga hovudet av folk, men konstaterer at det ikkje hindrar oss i å handla og spela fotball med blant andre USA og Kina, som avrettar folk med meir moderne metodar. I Kinas tilfelle puttar ein til og med ein god del folk i leirar, så dei kan «konsentrera seg».
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.