JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Framleis ikkje overtydande

I eit historisk lys er det meir treffande å seie at Trump og MAGA-rørsla sitt særkjenne, ideologisk sett, er at dei står for grunnlova og dei verdiane som er nedfelte der.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ein tilhengar av Donald Trump med MAGA-ostehovudhatt.

Foto: Brian Snyder / Reuters / NTB

4571
20240524
4571
20240524

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

USA

Eg noterer at professor Torbjørn L. Knutsen (Dag og Tid 26. april) ikkje vil ha det på seg at han tolkar amerikansk historie og politikk i eit woke-perspektiv. Det er derimot underteikna som skal vere opptatt av hudfarge, medan Knutsen «er mest opptatt av politisk økonomi». Men det var da verkeleg Knutsen som bringa hudfarge inn i si forteljing om skurkane i amerikansk historie. La no det liggje.

Når det gjeld woke-omgrepet, kan det famne så vel eit politisk program som ei forståingsramme. Det var i den siste tydinga eg brukte det, som ein karakteristikk av Knutsens tidlegare freistnad på å trekke dei lange linene frå sjølvstendekampen til dagens Trump-veljarar, der nøkkelomgrepet hans er «ein autoritær understraum».

I det oppfølgjande innlegget held han fast ved dette og kjem med fleire sveipande formuleringar i same leia, utan at det vert noko meir overtydande denne gongen. Han kjem med mange påstandar, men ikkje ein einaste historisk referanse. Knutsens ambisjon om å heve nivået på forståinga av fenomenet Trump (eller rettare: MAGA-rørsla) frå «analysen» som går ut på at tilhengarane er uvitande og lettlurte, er prisverdig, men han innfrir ikkje.

Svakheita i tankebygnaden syner seg òg i at mi konkrete utfordring, korleis passar den amerikanske borgarkrigen med narrativet hans, vert hoppa over i eit etter måten langt svarinnlegg.

Eg held fast ved at Knutsens teori om historia høver med omgrepet woke, som i sin tur spelar saman med den politiske lina som har same nemning. Så seier ikkje dette i seg sjølv noko om rett eller gale. Mi meining er at analysen så vel som politikken er pill rotne og ikkje på noko vis peikar mot korkje meir innsikt eller ei betre verd.

I eit historisk lys er det meir treffande å seie at Trump og MAGA-rørsla sitt særkjenne, ideologisk sett, er at dei står for grunnlova og dei verdiane som er nedfelte der. I så måte er kan hende fridoms- og likskapsideala aller mest framtredande. Dette støyter mot den lina som frå Obama si tid har prega Demokratane.

Ideen om likskap har i amerikansk tradisjon ikkje tidlegare vore knytt til likskap i utfall, men derimot til likskap i moglegheiter, og særskilt i kva stilling ein som amerikansk borgar har andsynes lova, at denne skal vere uavhengig av kvar ein kjem frå, og av hudfarge, kjønn og så bortetter.

Med Biden har me fått aukande fiksering på hudfarge. Eit talande døme er at da Biden skulle utnemne ny høgsterettsdommar, vart det sett som vilkår at det skulle vere ei svart kvinne. Såleis vert utvalet innsnevra i ein slik grad at det reint statistisk er særs usannsynleg at ein ville få den best kvalifiserte kandidaten. For MAGA-rørsla strir dette mot prinsippet om meritokrati, at ein skal lønnast for innsats og evner, ikkje for «identitet».

Eit anna døme på kva som skil dei ideologiske leirane, er høgsterett si handsaming av spørsmålet om det var i samsvar med grunnlova å favorisere visse grupper, definerte ut frå rasekriterium, ved opptak til to store amerikanske universitet. I avgjerda frå juni i fjor skriv justitiarius John Roberts, på vegner av fleirtalet, følgjande (mi omsetjing):

«Mange universitet har for lenge med urette konkludert med at det avgjerande for ein persons identitet ikkje er dei utfordringar ein har overvunne, den dyktigheit ein har bygd opp, eller dei lærdommar ein har fått med seg, men fargen på huda. Denne nasjonen si konstitusjonelle historie tolererer ikkje eit slikt val.»

Dette var ei avgjerd som fall i god jord i MAGA-rørsla. På kva måte gjer dette dei til «autoritære»?

I ein freistnad på å forklare kva som driv Trump-veljarane, nyttar Knutsen gjentatte gongar ordet «frustrasjon». Han innlemmar meg i den oppfatninga at Trump sin appell er eit teikn på frustrasjon, men det er knapt nok eit omgrep eg finn særleg eigna til overordna analyse.

Knutsen kjem elles med ei rad utsegner som etterlèt det oppsiktsvekkande inntrykket at han meiner det spelar lita rolle kven som har embetet som «verdas mektigaste mann». Her har eg berre plass til å peike på innvandringa. At Biden sin politikk her har gjort ein stor forskjell, og at dette per i dag er det viktigaste temaet for veljarane, kan ikkje nokon som følgjer med, nekte for.

Eg har ein draum om at Dag og Tid klarer å gje lesarane sine faktabasert innsikt om dette og anna etter som presidentvalet nærmar seg.

Øivind Østberg er advokat.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Johan Sverdrup feltsenter ved den offisielle opninga i 2020. Dette feltet vart oppdaga i 2010 og er det siste verkeleg store oljefunnet på norsk sokkel.

Foto: Carina Johansen / NTB

ØkonomiSamfunn

Ser ei slagside i direktoratet

Sokkeldirektoratet overdriv verdien av norsk
olje og gass, meiner universitetsrektor og petroleumsøkonom Klaus Mohn.

Per Anders Todal

Politiet har sperra av eit område etter at ein 16 år gammal gut har skote to personar, ei småbarnsmor og ein småbarnsfar, i bustaden deira i eit villaområde i Västberga i Stockholm i oktober i fjor. Mannen mista livet, medan kvinna slapp med livstrugande skadar.

Foto: Nils Petter Nilsson / TT / NTB

Samfunn

Rekordlang straff etter trippeldrap

To svenske tenåringar vart førre veke dømde til 10 og 12 år i fengsel. Dommen viser kva rolle mindreårige speler i kriminelle nettverk. Og at dei kan verte straffa hardt.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis