Tor Olav Hauge skriv om om trygging av fred i Dag og Tid 12. juli. At eit innlegg frå Internasjonal kvinneliga for fred og frihet (IKFF) (Dag og Tid nr. 25) kan framprovosera ein slik fordomsfull ordstraum om kor dumme dei er, er merkeleg.
Utgangspunktet er dei nye rettane amerikanske militære har fått i Noreg. Råskapen frå begge sider i Ukraina, ein invasjon USA spådde/la opp til i lang tid før han tok til, blant anna og med sanksjonering av Nord Stream II, samstundes med at dei sende 90 prosent av dei våpena Vesten har levert til Ukraina. Om ein lurer på USA sitt motiv, er siste episode av serien, Macron sine samtalar med Putin, avslørande informativ.
Det er om lag 800 USA-basar rundt om i verda. For å sitera ein kjend amerikanar, Kissinger, så har USA ingen utanrikspolitikk, berre interesser. Det er nærmast infantilt å tru at desse basane er der ut frå eit ideelt formål.
Så når me òg må ha basar i Noreg, er det ifølge Hauge for å hjelpa det militære i USA til ikkje å forgapa seg. Framlegging av Russland som eit mafia- og oligarkregime styrt av Putin som ikkje held avtalar, driv med drap i utlandet osv., er ganske frisk.
Å tru at USA ikkje er påverka/styrt av sine megabedrifter med økonomiske bidrag i milliardklassen til politiske parti, og ikkje minst den fjerde statsmakt, våpenindustrien, er kunnskapslaust.
Enten er Hauge så ung at han heller ikkje har høyrt om Guantánamo og likvideringa av Osama bin Laden, eller så har han valt å gløyma det.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.