Går i hytt og vêr

Publisert

Leiaren i Dag og Tid 28. juni, «Gå til venstre», var på sin plass. Den praksisen som svært mange fotgjengarar brukar i dag, er frykteleg utriveleg og farleg, rett og slett fordi dei ikkje held seg orientert om sykkeltrafikken som kjem bak dei. Er dei fleire i lag, blir det endå verre. Brukar du sykkelbjølla eller gir deg til kjenne på anna vis, veit du ikkje kva fotgjengaren kan finna på. Aller verst er det om to eller fleire fotgjengarar går i lag. Bruker du bjølla då, går/hoppar dei først ofte til kvar si side. Då legg dei merke til at kameraten står på den andre sida. Så spring begge inn mot midten for å koma over på den sida der kameraten er, med det resultat at dei renner saman på midten av vegen/stien. Først deretter blir dei samde om kva for ei side dei skal gå over til.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement