– God dag, mann. – Økseskaft.
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Det er som i eventyret: Vi er døve for det samtalepartnaren seier, og svarer i hytt og vêr etter det vi på førehand har tenkt at han vil seie.
Kven er forresten «vi»? Det er i alle fall ikkje meg, men heile «det internasjonale samfunnet» (sjølvsagt unnateke mange samfunn som ikkje meiner det same). Men dei er jo sjølvsagt ikkje til å rekne med. Kven er det som seier at Russland skal invadere Ukraina? Jau, det er «vi», det. At dei i Russland nektar for slike planar, høyrer vi ikkje på. Vi har bestemt at slik er det, og då må det vere slik. Ein ekstra rosin i pølsa er at Russland har ambisjonar om å gjenopprette Sovjetunionen. Dei nektar for det, men det øyret er vi døve på.
Argumentet som vert brukt, er Krimhalvøya. Ho vart i si tid gjeven i jubileumsgåve til det ukrainske SSR av Khrusjtsjov i 1954 utan vidare. Halvøya har vore russisk i hundreår, frå osmanane på 1700-talet, og «ukrainsk» sidan 1954, det vil seie sovjetisk-ukrainsk.
I 2014 skjedde det ei statsomvelting (gosperevorot) i Ukraina, Maidan, som vi liker å kalle det. Ein stor del av folkesetnaden i Ukraina er russarar, særleg i søraust og på Krim. Det vart lagt strenge restriksjonar på å bruke russisk språk i offentlege institusjonar: skular, teater, presse osb. Det gjeld ikkje berre Søraust-Ukraina, men òg Transkarpatia med ein stor del av ungararar, noko Ungarn ikkje ser på med blide auge. Det er mykje meir å seie om saka, men det får vente til ein annan gong.
Eg vil leggje til at eg tidlegare (Dag og Tid 5. november) har kome i skade for å skrive at Storbritannia er med i Normandie-formatet som diskuterer forholda i Donbass. Det er ikkje rett. Det er Ukraina, Russland, Frankrike og Tyskland i regi av OSSE.