Har me hjarterom til éin kvoteflyktning til?
Flyktningleiren Balukhali i utkanten av Cox’s Bazar i Bangladesh.
Foto: Dar Yasin / AP / NTB
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Flyktningar
Regjeringa føreslår i statsbudsjettet for 2025 å ta imot berre 200 kvoteflyktningar neste år. Dei skriv: «I 2025 er planleggingstallet for flyktningankomster 22.000 personer. I lys av de høye ankomstene foreslår regjeringen å redusere kvoten for overføringsflyktninger fra 1000 til 200 personer.»
Regjeringa argumenterer med at det er forventa eit høgt antal flyktningar ved grensa neste år også, og at det difor ikkje er mogleg å ta imot meir enn 200 flyktningar. Ein vel med andre ord å gje beskyttelse til dei som kjem seg til norskegrensa på eiga hand, og avviser samstundes dei som FNs høgkommissær for flyktningar (UNHCR) beskriv som spesielt trengande.
Som lærar i vaksenopplæringa har eg fått treffa og vorte kjend med mange forskjellige typar flyktningar. Eg har fått høyra nokre av historiene deira, og mange har opplevingar som gjer inntrykk. Som då ein elev frå Kongo fortalde om då han budde i ein flyktningleir og var med på å demonstrera mot at dei fekk for lite mat. Ifølgje han var problemet korrupsjon, og at maten ikkje blei fordelt rettferdig. 70 personar vart drepne i konflikten.
Eller som då ein fortvila ukrainar sa: «Lærar, eg må ta denne telefonen. Dei bombar i heimbyen min.»
Norsk grammatikk kunne vente.
«Det er eit svik mot forpliktingane våre i FN og mot dei menneska i verda som har aller minst.»
Noreg har gjort ein stor og viktig innsats for å ta imot flyktningar frå Ukraina dei siste to åra, men ein må hugse på at dei som lever i størst naud, ikkje berre kjem frå Ukraina.
UNHCR anslår at det er om lag 120 millionar menneske som ufrivillig har måtta reisa frå heimen sin. Det har aldri vore så mange flyktningar i verda, og talet har auka med meir enn 5 prosent sidan nyttår.
Årsaka til at folk dreg frå heimen sin, er vanlegvis krig, konflikt, forfølging, vald og menneskerettsbrot. Nokre av dei flyktar til ein naboby eller til eit naboland, mens andre dreg lenger. Mange risikerer liv og helse i ei gummibåt over Middelhavet, medan kvoteflyktningane får ein tryggare veg.
Ein kvoteflyktning (eller «overføringsflyktning») er ein flyktning som lever under svært krevjande forhold, og dei fleste av oss klarer ikkje eingong å sjå det føre oss. Dei kan ikkje reisa heim, og dei grunnleggjande behova vert ikkje dekte i landet dei er i. Landa som husar flyktningleirane, har ofte store utfordringar med å gje flyktningane det dei treng, på grunn av få ressursar.
For eksempel har verdas største flyktningleir, Cox’s Bazar i Bangladesh, 900.000 flyktningar. Då er det lett å tenkja seg kor vanskeleg det er å gje flyktningane nok mat, sikkerheit, skulegang og arbeid. Livskvaliteten i leirane er generelt låg, og kvinner og born er blant anna utsette for vald og overgrep.
UNHCR søkjer om overføring til eit tredjeland på vegner av nokre av flyktningane i flyktningleirane. Dei prøver å velja ut dei flyktningane som treng det aller mest, ofte barnefamiliar, skeive eller andre spesielt utsette. Dei som kjem gjennom nålauget vert sende til eit tredjeland og får moglegheita til ein ny start i trygge omgjevnader.
Diverre har systemet har ei svakheit. Dette systemet funkar berre om andre land tek imot kvoteflyktningane som UNHCR søkjer på vegner av. UNHCR anslår at 2,9 millionar treng å overførast til eit tredjeland som kvoteflyktning i 2025. Det er meir enn ein halv million fleire personar enn i år, og talet er meir enn dobla sidan 2021.
Noreg ynskjer vanlegvis å vera eit føregangsland når det gjeld kampen mot urett, for bistandsarbeid og i arbeid for menneskerettar til alle, og me har blant anna teke imot kvoteflyktningar sidan 1980-talet. No har derimot haldningane endra seg, og om andre land følgjer vårt eksempel i denne saka, vil truleg heile kvotesystemet kollapse. Når regjeringa no føreslår å kutta kvoten med 80 prosent til neste år, på det som allereie var ein svært låg kvote, vert det hjartelaust. Det er eit svik mot forpliktingane våre i FN og mot dei menneska i verda som har aller minst.
Eg skulle aller helst sett at kvoten vart flytta opp til 3000 igjen, slik han var i 2022, men dersom det ikkje er mogleg, bør ein iallfall vurdera om me har hjarterom for berre éin kvoteflyktning til. I statsbudsjettet vil det knapt utgjera nokon skilnad, men for den eine kvoteflyktningen vil heile livet verta forandra.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Ein mann trakkar på ein plakat av Bashar al-Assad i Damaskus.
Foto: Amr Abdallah Dalsh / Reuters / NTB
Uviss lagnad for Syria
Det store spørsmålet no er kva som vil skje framover i Syria, etter at opposisjonen overraskande fort tok over heile det regimekontrollerte Syria nesten utan militær motstand.
Andrea Bræin Hovig og Tayo Cittadella Jacobsen i rollene som Marianne og Tor, som møtest på Nesoddferja.
Foto: Arthaus
Leiken kjærleik
Alle gode ting er faktisk tre, om du lurte på om trilogien til Dag Johan Haugerud held heilt til mål.
Finansminister og leiar for Senterpartiet Trygve Slagsvold Vedum på landsstyremøtet i år. Partiet har falle kraftig på dei nyaste meiningsmålingane.
Foto: Thomas Fure / NTB
– Populisme er ikkje noko å vere redd for
Trass i dårlege meiningsmålingar har statssekretær Skjalg Fjellheim trua på at Senterpartiet har den beste politikken for Noreg.
Foto: Edvard Thorup
Makta og den uavhengige forskinga
«Eg er fullt klar over at mange gjorde ein stor innsats i Sør-Sudan, og med gode intensjonar.»
Fotballpresident Lise Klaveness under ein pressekonferanse på Ullevål stadion.
Foto: Erik Flaaris Johansen / NTB