Holmøy og helsepersonellkommisjonen
I eit intervju med Dag og Tid går SSB forskar Erling Holmøy hardt ut imot deler av helsepersonellkommisjonens NOU. Holmøy seier me kan halde fram med å tilsette stadig fleire i helsetenestene. Problemet er at hans kollegaer i SSB har grundig dokumentert at me ikkje veit heilt kor alle nye tilsette skal kome frå.
Det er krevjande å rekruttere tilsette til helsetenestene. Det er ikkje ei teoretisk problemstilling som vil møte oss ein gong i framtida, men noko me står midt oppe i no. Fagforbundet får høyre dette dagleg frå medlemmar og tillitsvalde, og det er dokumentert gjennom til dømes Nav si bedriftsundersøking. Og altså: Skal me tru på Holmøy sine kollegaer i SSB, så vert det ikkje enklare heller, seinast dokumentert i rapporten «Arbeidsmarkedet for helsepersonell fram mot 2040». Når dei store etterkrigskulla no når den alderen at dei treng meir helsetenester, vert det endå meir krevjande.
Heilt uavhengig av kva ein tenkjer om kva økonomien kan tole, så veit me at det allereie med dagens nivå er vanskeleg å få nok sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, legar, portørar, helsesekretærar og anna helsepersonell. I alle fall om me tenkjer at me skal utdanne og rekruttere desse sjølv, og ikkje støvsuge nabolanda våre og fattigare EØS-land for helsepersonell som dei treng like mykje som oss.
Debatten om kor stor del av sysselsettinga det er gagnleg at helsetenestene skal legge beslag på, kan godt statistikarane og økonomane ta. Det derimot verken Holmøy eller Dag og Tid nemner, er at dei fleste av tiltaka til helsepersonellkommisjonen ikkje handlar om å stogge veksten i helsetenestene, men korleis me kan rekruttera og utdanne fleire og betre.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.