Inga militærpolitisk reorientering hos Nordahl Grieg
Den 13. januar har Håvard Rem ei interessant samlesing av dei to dikta «Til ungdommen» og «Øya i ishavet» på trykk i Dag og tid. Der fremmar han at andre verdskrig endra Grieg sitt syn på nasjonal krigføring, og at dette gjorde at han såg kritisk på sitt eige fredsdikt «Til ungdommen». Kan hende er det noko rett i denne historiseringa, men Rem sin tekst er djupt problematisk.
Likeins mange marxistar snublar Rem når han freistar å hente konkrete politiske råd frå historia. Rem samanliknar Grieg si haldning til krig og avmilitarisering med endringar i haldningar til Nato på venstresida i dag. Det har lite med Nordahl Grieg å gjere, men mykje med Rems eigen politikk.
Rem les «Til ungdommen» som eit utslag av strategisk pasifisme, der målet til Grieg var å argumentere for avmilitarisering av kapitalistiske land. Det Rem ikkje nemner er den konkrete forhistoria for diktet, altså det vi faktisk veit om kvifor Grieg skreiv det. Resultatet er at Rem si selektive biografiske tilnærming stenger både for den fulle meininga i diktet, og for den politiske funksjonen det skulle ha.
Diktet er strategisk, men tilpassa ein annan retorisk situasjon enn den Rem plasserer det i. Grieg skreiv diktet på oppfordring til ein fest i Studentersamfundet som eit mottrekk mot ein forventa aksjon frå Nasjonal Samling, Fedrelandslaget og Den konservative studentforening. Diktet er altså eit høvesdikt meint å stagge fascistar og folk som ville leggje til rette for dei. Diktet er ikkje eit innlegg for å legge ned det norske forsvaret, men ei åtvaring mot krigshissing frå høgre. Å skrive om historia rundt «Til ungdommen», slik Rem gjer, utan å nemne NS er eit i overkant grovt eksempel på diskrediteringa av den kommunistiske kampen mot fascismen.
Rem les diktet inn i ein diskusjon om alliansepolitikk der spørsmålet er om ein er tilhengar av nasjonal opprusting, eller kommunistisk nøytralitet. Men dette er jo å snu situasjonen på hovudet. I 1936 byrja borgarkrigen i Spania. I same nummer av tidsskriftet Veien frem som Grieg trykka «Til ungdommen», tok han til orde for praktisk solidaritet med den demokratisk valde spanske regjeringa, mot det fascistiske kuppet. Då var det ikkje Grieg som var nøytral, men høgrepolitikarar og norske skipsreiarar som ville segle på fascistkontrollerte hamner.
Grieg var dessutan alltid patriot, aldri antinasjonalist. I 1937 deltok han på forfattarkongressen i Spania, og trykte så ein rekke innlegg i Veien frem derifrå, der eit viktig poeng i brorparten av dei var å forsvare Nasjonen mot fascistanes freistnad på å rane til seg ideen. Grieg sin støtte til Stalin er heva over tvil, men rokka aldri ved haldninga hans til forsvar av Noreg. Då krigen braut ut i Noreg hadde Grieg allereie vore soldat sidan hausten året før.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.