Innvandring til Frankrike

Publisert

Øyvind Østberg løyste i Dag og Tid 14. juli alle sosiale problem i Frankrike ved å hevde at dei alle, også valdelege opprør, kjem av innvandring. Det er gledeleg at Dag og Tid får nye lesarar, men slike har då gått glipp av alle mine artiklar sidan 2001 om ulike sider ved det franske samfunnet, ikkje minst dei sosiale tilhøva.

Rett nok har nettoinnvandringa dei siste to åra vore på kring 160.000, med ein relativt stor oppgang etter pandemien. Storparten er mellombelse, største delen er arbeidsinnvandring og -utveksling frå EU og andre vestlege land, og ein stor slump er studentar som normalt reiser heim igjen. Så er det likevel grunn til å kommentere ei viktig endring: auken i afrikansk innvandring kjem eg såleis til mot slutten.

Frankrike har eit temmeleg rigid innvandringsregime og får jamt kjeft frå Italia og andre for å prøve å stengje ute alle båtflyktningar, til dømes. Landet samarbeider med Spania og Marokko for å motarbeide menneskesmugling, delvis vellukka. Likevel finst der ein stad mellom 350.000 og 400.000 illegale innvandrarar, og mange av desse prøver helst å kome seg til Storbritannia, der det er lettare å leve illegalt.

I Frankrike bur illegale ofte i det som kallast «junglar», uorganiserte busetnader i skogar og utmark nær byar (såleis på nytt ved Calais, utreinska i 2016), eller også er dei slavearbeidarar. Såleis kan illegale immigrantar vanskeleg fyre opp under sosiale revoltar; vert dei fakka av politiet, vert dei kasta ut. Oppunder 35.000 illegale vert utviste kvart år. For å få busetje seg i landet i kortare eller lengre tid lyt ein prove at ein har midlar til livsopphaldet. Ein treng identitetspapir for å leve normalt i Frankrike, og då lyt ein ha jobb, bankkonto og husvære.

Ifylgje INSEE (fransk SSB) er der no 67,6 millionar innbyggjarar i Frankrike. 5,2 millionar av desse er utlendingar, altså 7,7 prosent. Mellom desse er 800.000 fødde i Frankrike. Det vil seie at 4,5 prosent av dei som no til kvar tid er i Frankrike, altså 6,6 prosent, er fødde i utlandet. 32,3 prosent av desse er fødde i EU, av desse igjen er om lag 12 prosent fødde i Spania og Portugal (dei fleste kom under finanskrisa 2008–2012), medan talet på vaksne fødde i Nord-Afrika har stige ein god del sidan 1990-talet og utgjer no 29 prosent.

Det er ikkje slik enkelte nordmenn trur, at straks ein ser eit fjes med noko mørkare let, så er dette innvandrarar. Frankrike var kolonimakt alt mot slutten av 1600-talet, har framleis 11 fylke i fire verdsdelar (og basar i Antarktis), alle desse har vore franske i mange generasjonar. Dessutan har det vore innvandring frå alle kantar sidan mellomalderen. Alexandre Dumas var svart, hugs det.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement