Ja til skule, nei til studentfabrikk
Studentar på Universitetsbiblioteket på Blindern i Oslo.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
Diverre er samarbeidet mellom skulen og høgre utdanningsinstitusjonar ofte dårleg.
Takk til Anders Folkestad og Torbjørn Ryssevik for at dei (Dag og Tid 26. april) understrekar kor naudsynt det er å satse på lektorutdanning. Dette er også mi eiga faste overtyding. Vi treng desse diskusjonane, især sidan siste evaluering frå Norsk organ for kvalitet i utdanninga (Nokut) syner at kvaliteten på desse utdanningane er særs vekslande kringom i landet.
Det er ikkje naudsynt å gå i forsvar, karar, eg ser ikkje ned på skulen. At 19-åringane no ofte saknar grunnkunnskapar om språk, matematikk, samfunn, kulturhistorie og ikkje minst europeisk historie frå nybyrjarstudentane, legg eg sjølvsagt ikkje ned på lærarane i skulen, snarare på politikarane og direktorata.
Det flåsete nyordet «skulifisering» sikta til gamle diskusjonar om «det skulske», altså at ein utdannar folk til det som går føre seg i skulen, ikkje i samfunnet. Det er frekt, sjølvsagt, men er alltid ein fare, og i alle høve kan ikkje universiteta, som skal lære folk å oppdage og å tenkje systematisk og kritisk, basere seg på at alle kan støypast i same form.
Eg er sjølv organisert i Utdanningsforbundet, men skulle ynskje dei og andre hadde stått meir imot instrumentaliseringa av dei sjølve og av elevane. Det har vore altfor mykje diskusjon om løn og for lite om prinsipp. Såleis om at elevar, no også studentar, skal omgjerast til objekt for at stat og kven det er skal nå sine mål, ikkje den einskilde personen som er utsett for målsauminga.
Kva om vi saman kollokverte om skriftene til Hans Skjervheim, Jon Hellesnes, Gunnar Skirbekk, Erling Lars Dahle, Olga Dysthe, Laila Aase, Svein Sjøberg og fleire andre brave kjemparar for sjølvstendig kritisk tenking – og deira no forsvinnande fåe etterkomarar.
At 19-åringar ein møter ved universiteta, er usikre, er normalt. At dei kjem til oss og ynskjer stadfesting av alt dei før har opplevd, er ikkje like normalt. Men dersom dei ikkje vert meir vågale når dei skal ut i yrkeslivet, har vi heilt feila med oppgåvene i profesjonsutdanningane. Diverre er samarbeidet mellom skulen og høgre utdanningsinstitusjonar ofte dårleg, men då lyt altså skular og andre arbeidsplassar vere viljuge til å fortelje kva dei ynskjer av kompetansen til kandidatane vi sender dei i praksis; det kan då ikkje vere at dei skal repetere snautt det same som dei lærte i skulen dei gjekk på?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.