Kan CO2-avgift stoppe krigane?

Publisert

Krigane i verda er ikkje med i CO2-rekneskapen for verda, ja, ikkje militærindustrien i verda heller, sjølv om militæret står for mykje av klimautsleppa i verda. Ingen tal, berre berekningar finst, men til dømes reknar ein med at militære styrker i dei fleste landa i verda står for den største delen av statleg ureining. Ifølgje Guy Kiddey, seniorrådgivar i Footprint og politisk rådgivar i Civita, er forsvarsministeren i Storbritannia ansvarleg for minst 50 prosent av dei regjeringsstyrte utsleppa i landet (Klassekampen 2. desember 2021).

Alle partane i krigane i Ukraina og Midtausten krigar og brukar store naturressursar utan tanke på klimautslepp og utan tanke på naturen. Ja, krigane skjer fullstendig i all si gru og liding utan nokon tanke på kva krigane gjer med klimaet på jorda. Heller ikkje mange media eller klimademonstrasjonar verda rundt tek opp kor skadeleg krig er for klimaet på jorda.

Dette skjer medan Noreg og EU legg aukande vekt på klimakvotar for å få ned utsleppa og gjere noko med klima. Det bør difor snarast innførast klimakvotar for å krige, og prisen må setjast så høgt at det blir for dyrt å krige, økonomisk sett. Militærindustrien i verda må påleggjast plikt til å kjøpe klimakvotar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement