Korleis går det med vipa?
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
I artikkelen om vipa i førre utgåve av Dag og Tid kjem det fram at bestanden har gått ned med 80 prosent på 20 år. Det er ille, men i Trondheim kommune er det endå verre. Har er nedgangen 95 prosent på 5 år, frå 40 hekkande par til 2–3 i 2022. På oppdrag frå kommunen saumfor lokallaget i BirdLife kommunen i fjor og fann vipa på éin einaste lokalitet, eit hestesenter i utkanten av byen. Der var det fleire hekkande par, og sjølv om fleire hekkingar var mislukka, kom etter kvart nokre ungar på vengjene.
Årsaka til at det gjekk såpass bra, er at marka verken vart slått, sprøyta eller pløgd, berre beita. I år har grunneigaren skote to halvtamme raudrevar, og den første vipehannen var på plass alt 20. mars, to dagar før framkomsten i fjor.
Så no er det bere å vente og sjå.