Vipa
Me Vangsgutane fekk tanke om at me ville heidra denne kjekke fuglen.
Les også
Det vert stadig færre viper i Trondheim, skriv Håkon Lasse Leira.
Foto: Sveinung Lindaas
Korleis går det med vipa?
Les også
Vaksen vipe. Særleg under hekkesesongen held vipa seg mykje på bakken, der reiret ligg. Slik fjørdrakt som individet på biletet har, kan svare til ei hoe i hekkesesongen eller ein hann på veg mot å få vinterdrakt.
Foto: Sveinung Lindaas
Vipa, ved vippepunktet

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Fuglar
I Dag og Tid er det skrive ein del om vipa i dei siste utgåvene. Sist i eit lesarbrev av Håkon Lasse Leira: «Korleis går det med vipa?»
Ja, at den er utryddingstrua, er det ikkje tvil om.
På Lindås er me ei dugnadsgruppe, Vangsgutane kalla (utan Larris), som har bygd ein park ved Lindås kyrkje, Lindås Kyrkjepark. I denne er sett ymse minnesmerke over kjende historiske personar frå Lindås, minne om dei som fall i andre verdskrig, og dei som deltok på utefronten i den same krigen.
So fekk me Vangsgutane tanke om at me ville heidra denne kjekke fuglen på den måten at me måtte få laga den i bronse og setja den i Lindås Kyrkjepark til ære og minne, og at framtidas tilveksande folk skal få sjå korleis den såg ut, og litt av livet til vipa. Nokre av oss Vangsgutane støypte mursokkel for å setja vipa på, som ein kan sjå på fotovedlegget. Den laga Vidar Bratlund-Mæland i Os, eller Bjørnafjorden kommune no.
Rett ved sida av denne vipa står statuen av den kjende lyrikaren Aslaug Låstad Lygre. Om dei «sov burt sumarnatta» veit eg ikkje, dei står i vakker natur, so det er vel verd å vera vaken. I vipereiret ligg fire egg. Dei ligg to pluss to med spissane mot seg, som det seiest det var i reira.
På sokkelen er festa tekstplate med denne teksten:
«God dag, du gode gjest i Lindås Kyrkjepark.
Eg er vipa, eg har budd på Lindås i mange hundra år, og kjenner godt denne vakre grenda. Før i tida var me mange tusen viper som kom hit for å bu her nokre vår- og sumarmånader. Me kom frå varmare strøk hit i mars månad, og tok bustad på Lonemyrane, mellom Lindås og Fanebust. Me bygde våre heimar i våtmark og lyngkratt, her avla maken min og eg fram ungane våre, og budde på Lindås som familiar, inntil det tok til å verta haustartid; då for me herifrå, til varmare strøk, men berre for å koma att til neste vår.
Me budde so tett på ein nabo at heimen deira vart kalla for Vipenborg. Når me kom om våren, gjesta han Anders Spjeldnes (1865–1960) til Lonemyrane, bøygde seg i vyrdnad, og helsa oss med hatten og sa: Velkommen, våren med vipa. Då tida endra seg og det vart utbygging av senter og bustader, og småbjørka tok delar av buplassane våre, vart det ikkje triveleg for oss å bu her lenger. Vangsgutane, som har bygd Lindås Kyrkjepark, kjenner meg godt frå før. Det er dei som har sett meg på stas her, til ære og minne om ei tid som var. Dei ogso var glad i meg og alle fuglevenene mine. Takk til deg som kom hit til Lindås Kyrkjepark for å sjå til oss som står her, og å nyta det vakraste utsynet til sjø og til land, inntil fjell og til ytste strand, og for å helsa på meg og dei andre her i parken. Du er hjarteleg velkommen hit att, når du vil.»
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.