Korrektur i utrengsmål

Pave Benedikt 16.
Pave Benedikt 16.
Publisert

Dag og Tid har mange forfattarar i skribentstallen. Eg reknar med at dei fleste er like kjenslevare for språket i eigne setningar som eg sjølv er, og vert ille til mote når klåfingra korrekturmenn eller korrekturdamer tuklar med tekstane deira. Det er framleis rom for ulike formval i nynorsken, og kvar forfattar må ha rett til å gjera sine. Han må dess­utan sleppa å få kompetansen sin overprøvd av ein korrekturlesar.

Når eg som katolsk prest og omvisar i Roma får Det sixtinske kapell retta til «Det sixtinske kapellet», slik det vart gjort i nekrologen over pave Benedikt 16., vert eg sur, for sjølv om den bundne artikkelen her har sin logikk på nynorsk, er kapellet i denne samanhengen ein del av eit namn: Det heiter Det sixtinske kapell. Punktum.

Når forfattaren skriv «førde» som fortid av «føra», bør ingen ta seg lov til å retta det til «førte». I Arvid Langelands nynorske ordliste – den einaste eg som vestlending har tillit til – står «førde» som einaste form. Så får heller Margunn Rauset og Aud Søyland verta sure, for i deira gule plastversjon av den gamle Hellevik-ordlista står korkje «føra» eller «førde», men berre «føre» og «førte». Austmennene har tilsynelatande teke all makt over eit språk som i sin grunn er like vestnorsk som Ivar Aasen sjølv.

Den mest skakande rettinga var likevel at «dei gret av gleda» vart til «dei gret av glede». Eg veit sjølvsagt at «gleda» i ubunden form vil krevja former som «gledo» eller «gledi» i bunden, men slike former nyttar eg aldri skriftleg, sjølv om begge er levande i vestnorske talemål. Sjølv om me på Jæren seier «gle’a, gle’å», vil eg vanlegvis skriva «glede, gleda».

Men så er det noko som heiter «licentia poetica» – det skjønar sjeldan korrekturlesarar og salmebokkomitear. Dei har ikkje øyra for at språket har ei musikalsk side, som kan henda er noko av det viktigaste i stilistikken, sjølv om få ser det og endå færre snakkar om det. Det er til dømes noko trongt og snerpete over e-lyden når det vert for mykje av han. «Det hev ei ROSA sprunge,» skreiv biskop Hognestad, men salmebokkomiteen retta det til «Det hev ei ROSE sprunge.» Her er det så mange e’ar at poesien vert torpedert. Det same gjeld prosaen i «dei gret av glede».

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement