JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Krasnik og eg

Dei som følger debatten, kan sjå to ulike haldningar til Israel og Palestina utfalde seg.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Foto: Hatem Khaled / NTB

Foto: Hatem Khaled / NTB

5532
20240510
5532
20240510

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Midtausten

Weekendavisens redaktør Martin Krasnik svarte sist veke på mitt svar til han («Alt dette var framleis ikkje nødvendig»). Som førre gong hoppar han over min konkrete kritikk mot hans påstandar eller analysar om Noreg, Israel, antisemittisme, Gaza og historia.

Uansett kan dei som følger debatten, sjå to ulike haldningar til Israel og Palestina utfalde seg. Eg meiner Israels brutale okkupasjon og kolonisering er den heilt avgjerande premissen for konflikten. Alle folk som hadde blitt behandla på denne måten, ville gjort motstand. På dette punktet har Krasnik rett når han kallar meg «skråsikker».

Krasnik har ei anna innstilling. Han er nærmast eit levande leksikon, ein omreisande grossist, i proisraelske retoriske strategiar. Når han observerer Midtausten, ser han berre «komplikasjonar».

Dette er velkjente tonar blant såkalla «israelsvenner». Alt er så frykteleg komplisert at ein berre må slå oppgitt ut med hendene. Offer og overgriparar, okkupant og okkupert blir ganske jamstilte. Alle har litt feil og litt rett.

Eg trur alt ville vore mykje mindre «komplisert» for Krasnik om det var israelske sivilistar som blei utsette for alle dei typar grov vald som Israel stadig påfører palestinarane, inkludert massedrap og apartheid, og der millionar no manglar mat og vatn.

«Dei minste halmstrå som kan verke formildande for Israel, tar Krasnik på det største alvor.»

I den retoriske tradisjonen Krasnik knyter seg til, er det gjerne slik at Israel alltid blir tvinga til å vere så valdelege, noko som ofte blir framstilt som ein tragedie – for Israel. Så langt går rett nok ikkje Krasnik. Men han ser formildande omstende overalt. Og jo fleire slike han kjem på, jo meir nyansert synest han sjølv at han er.

Krasnik spør om eg meiner Hizbollahs åtak mot Israel òg kjem av okkupasjonen? Vel, som Krasnik veit, blei Hizbollah oppretta for å kjempe mot den israelske okkupasjonen av Sør-Libanon. Denne varte frå 1982 til 2000 og blei delvis gjennomført med militære bandar som stråmenn. No er okkupasjonen for lengst over. Israel har derfor rett til å forsvare seg mot angrep frå Hizbollah, der er Krasnik og eg einige. Eg går sjølvsagt ikkje meir god for deira ideologi enn det Krasnik gjer. Men at Israels politikk skaper monster som Hamas og Hizbollah, er ikkje argument for at Israel kan fortsette med den same politikken.

Krasnik meiner antisemittisme er ei viktig årsak til konflikten i Midtausten. Men antisemittisme er prega av eit irrasjonelt hat mot jødar. Og om israelarar spør seg sjølv «Kvifor hatar palestinarane oss?», treng dei ikkje blande antisemittisme inn i svaret. Det held at jødar kom til Palestina for å ta over palestinarane sitt land, med hjelp frå vestlege kolonimakter, og i ettertid har undertrykt og audmjuka dei på nær sagt alle tenkelege måtar. På Vestbreidda går i dag paramilitære fanatikarar rundt og stel, drep og øydelegg, mens folk i Gaza er utsette for massedrap, hungersnød, krigsbrotsverk og kanskje folkemord. Antisemittisme finst sjølvsagt. Men verken antisemittismen eller den svært utbreidde israelske rasismen mot arabarar er årsaka til konflikten.

Krasnik skriv at «det må vere behageleg å ta imot kritikk i ein så forferdeleg konflikt med ‘knusande ro’». Men det eg tok med «knusande ro», er at Krasnik deltar i kampanjen for å sverte ein modig og dyktig historieprofessor som Ilan Pappe. Forresten er Pappe berre ein av ei lang rekkje intellektuelle jødar som har tatt avstand frå sionismen og skrive bøker om det. Dei kan ikkje lenger leve med dei moralske implikasjonane, som ligg klart og tydeleg i dagen for alle som vil sjå. Göran Rosenberg er eit godt skandinavisk eksempel.

Eg skjøner at Krasnik har ein sterk emosjonell relasjon til staten Israel. Det er utvilsamt ubehageleg for han å ta inn over seg realitetane når Israel blir etterforska for ei lang rekke krigsbrotsverk, etter å ha drepe 35.500 palestinarar (fleirtalet kvinner og barn), lemlesta mange gonger så mange, og traumatisert millionar – som dei etterpå nektar nødvendig nødhjelp, slik at dei manglar det meste, inkludert mat og vatn. Men som avisredaktør burde han etter mitt syn gjere eit betre forsøk.

I innlegget sitt trekker Krasnik fram at amerikanske studentar vil «skuve ut» sionistar. Men sionismen har mange mørke sider. Kristensionismen er prega av religiøs fanatisme, høgresionismen er militaristisk og sjåvinistisk. USA fôrar høgresionistane i dagens religiøse og høgrevridde israelske regjering med ein uendeleg straum av pengar og våpen. Kvifor skulle ikkje amerikanske studentar få vere mot denne typen ideologi?

Det er som om Krasnik manglar sans for proporsjonar. Dei minste halmstrå som kan verke formildande for Israel, tar han på det største alvor. Folkemordskuldingane mot Israel avviser han kategorisk, nærast i ei undersetning.

Krasniks siste poeng er at han meiner Israel må stoppe okkupasjonen, undertrykkinga, apartheidsystemet og koloniseringa. Han legg til at det kanskje likevel ikkje vil føre til fred med naboane. Men kanskje Israels okkupasjon, kolonisering og undertrykking verkeleg er det store problemet, slik nesten alle har sagt heile tida, og ikkje alt det andre, som Krasnik er så flink til å trekke fram?

Det er på tide å finne ut av dette. Og den einaste måten å gjere det på er å utsette Israel for kritikk og reelt press, slik at ugjerningane deira får reelle konsekvensar.

Morten A. Strøksnes er journalist i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Fleire artiklar

Johan Sverdrup feltsenter ved den offisielle opninga i 2020. Dette feltet vart oppdaga i 2010 og er det siste verkeleg store oljefunnet på norsk sokkel.

Foto: Carina Johansen / NTB

ØkonomiSamfunn

Ser ei slagside i direktoratet

Sokkeldirektoratet overdriv verdien av norsk
olje og gass, meiner universitetsrektor og petroleumsøkonom Klaus Mohn.

Per Anders Todal

Politiet har sperra av eit område etter at ein 16 år gammal gut har skote to personar, ei småbarnsmor og ein småbarnsfar, i bustaden deira i eit villaområde i Västberga i Stockholm i oktober i fjor. Mannen mista livet, medan kvinna slapp med livstrugande skadar.

Foto: Nils Petter Nilsson / TT / NTB

Samfunn

Rekordlang straff etter trippeldrap

To svenske tenåringar vart førre veke dømde til 10 og 12 år i fengsel. Dommen viser kva rolle mindreårige speler i kriminelle nettverk. Og at dei kan verte straffa hardt.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis