Johan Brox vil skyte ned havørnbestanden for å berge sjøfuglkoloniane på kysten. Dette kan vi lese i Dag og Tid 16. august. Det må han sjølvsagt få meine og skrive, men han skriv ikkje berre som privatperson når det står på leiarplass i avisa. Då er det også Dag og Tid sine meiningar.
Det er nok litt av det same tankegodset som gjer seg gjeldande når det blir hevda at vi må skyte dei store sjøpattedyra, kvalane, fordi dei et opp fisken «vår». Kanskje er det kvalane si skuld at det stilnar i fuglefjella?
Med ein slik leiarartikkel kan det sjå ut som om Dag og Tid ikkje tar innover seg at vi står midt i ei natur- og miljøkrise. Den krisa er ikkje skapt av havørner eller kvalar, men av oss som går rundt og trur vi skal «forvalte» naturen. Så langt har det ikkje vore særleg vellukka.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.