JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KronikkOrdskifte

Forvilla dyr og fatale lagnader

Den 15. mai i år tok Mattilsynet ei endeleg avgjerd: Flokken på 60–80 geiter som har levd i det fri i dei bratte skråningane på Kvist i Høyanger kommune i over 75 år, skal avlivast «av omsyn til deira eiga velferd».

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Anerkjenner ikkje Mattilsynet at geitene er ville dyr, når tilsynet planlegg avliving av dei i form av jakt, spør kronikkforfattarane.

Anerkjenner ikkje Mattilsynet at geitene er ville dyr, når tilsynet planlegg avliving av dei i form av jakt, spør kronikkforfattarane.

Arkivfoto

Anerkjenner ikkje Mattilsynet at geitene er ville dyr, når tilsynet planlegg avliving av dei i form av jakt, spør kronikkforfattarane.

Anerkjenner ikkje Mattilsynet at geitene er ville dyr, når tilsynet planlegg avliving av dei i form av jakt, spør kronikkforfattarane.

Arkivfoto

12938
20240906
12938
20240906

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Samandrag

Oppsummeringa er laga av AI-vertkøyet ChatGTP

Vis mer
Vis mindre

Samanlikna med tradisjonelt ville dyr som til dømes hjortedyr nyt nemleg geiter som husdyr godt av ei meir omfattande menneskeleg omsorg.

Men først skal, om mogleg, det unikt verdfulle genetiske materialet deira takast vare på for framtida, og dei skal brukast i avl for å styrkja den norske kystgeita.

I norsk lov er det ulike regelverk for forvaltinga av ville dyr og husdyr. Men grader av «villhet» og «tamhet» er slett ikkje berre naturlege eigenskapar ved dyr – det er kategoriar vi menneske har laga, på vegner av dyra.

Alle geiter i Noreg er klassifiserte som husdyr og må ha ein registrert eigar som tek ansvar for dei. Mattilsynet konkluderte i juni 2022 difor med at eigaren braut fleire dyrevelferdslover og forskrifter, og at han måtte avvikla geitehaldet.

Eigaren har aldri jobba som bonde, og geitene har levd fritt i naturen sidan før han vart fødd. Grunnlaget for avgjerda var at geitene burde få betre stell og tilsyn, ha ly og vern mot vêr og kulde, få ekstra fôr om vinteren og rundt paringa, at dei må øyremerkjast, at avkom bør takast betre vare på, og at det var for mykje innavl.

I 2023 opna Mattilsynet for at nokon andre kunne ta ansvar for geitene, men nekta så å overføra eigarskapen til ei lokal foreining som ville verna flokken, som ville dyr.

For at geitene skal kunna overførast til ein ny eigar, må dei difor bli domestiserte. Det krev øyremerking. Det er inga enkel oppgåve, sidan geitene no i praksis oppfører seg som ville dyr. Geitene blir altså rekna som for ville til å bli fanga og merkte i det bratte, utsette terrenget, men for tamme til å kunna likestillast med ville dyr, som til dømes hjort som dei deler habitat med.

Lokale entusiastar som Hans Johan Breidablik vil berge geitene. Dei finn spørsmål om eigarskap absurde, ettersom geitene for han er – etter å ha levd i naturen i generasjonar – ville geiter. Dei er ikkje lenger eigedommen til nokon, dei tilhøyrer seg sjølve.

For bonde og næraste nabo til geitene, Norodd Baug, er dei ein del av det kulturlandskapet han kjenner seg som ein del av og er ansvarleg for å ta vare på. Geitene lever i dag sjølvstendig i eit kulturlandskap som blir forvalta av menneske, men dei er ikkje avhengige av dagleg omsorg frå menneske. Hos mange urfolk er det i ein slik situasjon ingen som eig andre, men alle vesen tilhøyrer og har sin eigen plass i naturen.

Då Mattilsynet vedtok avlivinga med frist 15. mai 2024, spreidde ryktet seg. Facebook-gruppa «La villgeitene få leve» har no fleire enn 18.000 medlemmer – og det kom fleire klagar på vedtaket. Avgjerda vart så halden oppe av Mattilsynets klageavdeling. Ny frist: 31. desember 2025.

Kva slags geiter er dei? Og kvar kjem dei frå? Så vidt me veit, kom dei først frå Søreide, på den andre sida av fjorden. Dei vart med på flyttelasset over til Kvist då Sørebø fekk ny eigar i 1909.

I avisartiklar frå 1970-talet fortel bestefaren til den noverande eigaren at nokre av geitene vart igjen på fjellet etter flyttinga frå stølen i 1948. Flokken, som då ikkje lenger var under menneskeleg omsorg, voks, og det verka som dyra klarte seg godt.

Det er to gardar i området der geitene held til, Kvist og Sørebø. Sørebø er no berre fritidsbustad, og den noverande eigaren, som arva geitene etter mor si i 2017, bur to timar unna. Geitene beitar og lever mellom Lånefjorden og Nessane i Høyanger kommune, frå breidda av Sognefjorden og oppover på fjellet. Dyra vandrar ned frå fjellet til fjorden og tilbake kvart år.

I 2019 oppretta staten eit naturreservat på Kvist, der vern av dei unike lauvtrea i området står sentralt. I søknaden om skipinga blir det peika på at geitene held oppe den unike vegetasjonen der ved å eta undervekstar som gras og buskar. Geitene er ein ressurs, og på andre gardar i nærleiken må dei leiga inn geiter utanfrå til dette arbeidet.

Geitene har i aukande grad oppført seg som ville dyr, mens den veksande hjortebestanden har vorte stadig meir van med menneske og oftare trekkjer inn på innmarka. I 2022 uttalte Mattilsynet at når menneske nærma seg, viste geitene åtferd typisk for ville dyr ved først å trekkja tettare saman for så å trekkja seg unna. Dei peika òg på at geitene såg ut til å vera friske, i godt hold og med tjukk pels. I 2023 viste ein analyse av avføringa til geitene ingen teikn til sjukdommar.

Flokken har sidan 1948 opplevd bestandssvingingar. Estimata har variert frå 50 til 140 dyr, og Mattilsynet talde 59 geiter i 2023. Det har vore sagt at svingingane i bestanden syner at dyrevelferda ikkje held mål, og at flokken no burde vera mykje større. Men det er basert på modellar frå kontrollerte miljø, mens geitene lever i naturen der syklusane varierer i takt med større økosystem.

Mattilsynet anslår at geitene normalt kjear i februar, eit tidspunkt tilpassa ein domestisert omgivnad for produksjon, som kan manipulerast med lysnivå. Ifølgje Norodd Baug stemmer ikkje dette for kvistgeitene. Dei kjear i mars–april, noko som òg betrar sjansane for å overleva. Geitene har tilpassa seg og kjear i samsvar med årstidene i sine naturlege omgivnader.

Rundt i verda finst fleire bestandar av opphavleg tamme dyr som har vorte ville, og omvendt, som klarer seg bra. I Sakha-republikken i Sibir finst ein populasjon på over 150.000 innfødde hestar, eigde av lokale gjetarar, som hovudsakleg overlever på eiga hand den kaldaste vinteren i verda i minus 50 grader, av beite under snøen.

Og i fjellkjeda Kharaulakh ved Laptevhavet finst éin hesteflokk som blir driven av ein gjetar betalt av kommunen, medan hesteflokken i nabodalen klarer seg på eiga hand.

Eit tilfelle meir likt geitene på Kvist finn me på Sør-Grønland, der tidleg norrøn busetjing dreiv sauehald. Det vart gjeninnført for 100 år sidan og er no ein viktig del av kulturlandskapet til inuittane der. Ein liten saueflokk overlever likevel på eiga hand nær innlandsisen året rundt, som villsau. Dei stammar frå ein gard som vart forlaten for om lag 50 år sidan.

Nærare heime diskuterer reindriftssamar i Sápmi korleis reinen blir tammare og kan utvikla avhengnad etter hyppigare fôring, då beita oftare er «låste» under harde lag med is. Utøvarane tilpassar seg, lever og arbeider tett på naturen og dyra. Med meir fleksible og dynamiske blikk for kva som er vilt og tamt, tek dei høgd for den ulike personlegdommen til dyra i handteringa av dei, ved å jobba med dyret, ikkje mot det.

Tamdyrs «villskap» blir ofte verdsett av gjetarar, som kallar dette for «sjølvstendet til dyra». Forskarar bruker omgrepet autonomi for å understreka personlegdommen og evna dyra har til å ta avgjerder, og den fysiske evna dei har til å overleva.

Dess meir autonomi eit dyr har, dess mindre menneskeleg omsorg treng det. Det betyr mindre arbeid og lågare utgifter. Innfødde storferasar et mindre mat, beitar lenger ute om vinteren, treng mindre veterinærhjelp og stell, men gir òg mindre mjølk. Geitene på Kvist viser altså, ved sjølvstende og evne til overleving, eigenskapar som eigarar òg set pris på hos husdyra sine.

Mattilsynet er òg kritisk til at geitene ikkje har lik tilgang på fôr. Dei sterkaste åt først og dominerte fôrplassane, medan dei andre berre fekk sporadisk tilgang. Dyr av lågare rang treng altså vår hjelp. Slik legg ein ideologi om lik fordeling og tilgang til grunn. Det er sympatisk, men fråkopla kvardagen til geitene.

Mange reindriftsutøvarar verdset sjølvstendet til dyra. Til dømes «hjelper» dei naturen ved å slakta eller kastrera dyr som treng meir omsorg enn andre. Etter eit slikt syn er det bra for flokken samla sett om dei svakaste ikkje klarer seg gjennom flaskehalsane i året. Det er rasjonelt frå eit gjetarperspektiv, men mindre rasjonelt frå eit perspektiv der alle dyr har like rettar.

Menneske bruker tid og krefter på å verna dyra sine, til dømes mot rovdyr, som òg er verna av lovverket. På Kvist finst det kongeørn, som er freda. Dei jaktar på killingane, og sjølv om skogen og steinhellerar gir eit visst vern, er ikkje det tilstrekkeleg for Mattilsynet.

Til samanlikning blir mange reinkalvar drepne av kongeørn kvar vår. Dei samlar seg rundt simlene og dei nyfødde kalvane, men reindriftssamane treng klarering frå statsforvaltaren for å skyta ørna. Her blir det brukt ressursar både på å verna husdyr mot rovdyr og på å verna ville dyr mot å bli skotne av menneske som vernar husdyr.

Etter planen skal geitene no gradvis fellast av jaktlag i løpet av hjortejakta, likt jakt på ville dyr. Men om geitene framleis er klassifiserte som husdyr, kan dei etter lova faktisk ikkje jaktast på.

Anerkjenner ikkje Mattilsynet at geitene er ville dyr, når tilsynet planlegg avliving av dei i form av jakt? Vi må spørja oss kva statens politikk ville vore om kvistgeitene offisielt vart anerkjende som ville dyr. Paradoksalt nok ville dyra sannsynlegvis vorte freda og forbodne å jakta på.

Mattilsynet peikar på korleis dyrevelferda skal sikrast under avlivinga, ved «å ikkje stressa dyra i periodar der behovet for næring er størst og tilgangen minst», «å utvisa særleg varsemd overfor drektige geiter, før og etter kjeing» og «at jegerane må vera spesielt forsiktige ved avliving av hodyr, slik at kjea ikkje blir morlause». Men det er godt dokumentert frå fleire artar at også mødrer sørgjer og leitar etter avkommet sitt om det er borte.

I 2023 blei fristen for avliving utsett då Norsk genressurssenter peika på at Noreg er forplikta til å bevara det unike genetiske materialet til geitene. Saman med statsforvaltaren tok dei eit initiativ for å bevara kvistgeitene som kulturarv, og for at det genetiske materialet deira kunne styrkja kystgeitstammen.

I den opphavlege rapporten frå Mattilsynet var innavl ei sentral bekymring, men etatane manglar eksakt kunnskap om gena til geitene. Og flokken har no ein unik verdi, ettersom andre geiterasar i Noreg har vorte kryssa for å forbetra mjølkeproduksjon og helse.

Planen er å freista å ta vare på det verdfulle genetiske materialet og å kryssa kvistgeitene med den tamme kystgeitrasen for å tilføra dei det genetiske materialet frå villgeitene, då den tamme rasen treng å styrkjast genetisk. Når prosessen er fullført, vil siste rest av flokken på Kvist bli avliva.

Men Mattilsynet er bekymra for sjukdomsrisiko og karantenar knytte til initiativet, og vil unngå å bringa tamgeiter inn i den ville flokken. Å kryssa populasjonane vil då bli både krevjande og kostbart. Å jakta på og skyta kvistgeitene som planlagt, for så å skjera ut reproduksjonsorgana (testiklar og eggstokkar) og fryse ned for å konservera det genetiske materialet, har vore diskutert som ei løysing.

For Mattilsynet er ikkje dette ei ny sak, og det er tilsynets oppgåve å sikra velferda til geitene etter gjeldande regelverk. Der står det ikkje noko om korleis ein skal handtera grensetilfelle som desse tamgeitene som no har vorte ville.

Lover, som stabile konstruksjonar, slit med å følgja slike prosessar, og ei lov om forvilla dyr kan òg ramma utilsikta: Kva om bønder bruker ei slik lov til å legitimera redusert innsats i husdyrhaldet ved å seia at dyra uansett er ville? Mattilsynet må unngå slike former for presedens. Men det finst ville geiter på nokre små øyar i Noreg. Mattilsynet har vedteke avliving her òg, men ein forvaltningsplan for dyra er på gang, så ein viss elastisitet finst.

Vårt eige syn på geitene harmonerer ikkje med byråkratane sine avgjerder til «samfunnets og miljøets beste». Men korleis bør ein så handtera saka? Frå eit intellektuelt synspunkt kan me argumentera for at geitene har det betre utan lovgivinga, då geitene som klarer seg sjølve, no må døy av omsyn til eigen velferd. Frå eit praktisk synspunkt kan ikkje styresmaktene berre lukka auga.

Plikta til å sørgja for gode levevilkår for alle dyr, tamme eller ville, må haldast oppe uansett. Men verkar løysinga med å avliva geitene rasjonell for nokon i det heile? «Gått seg vill», seier me om folk som har rota seg vekk og ikkje veit kvar dei er.

Sjølv om dei manglar lovverk for å handtera «forvilla» dyr, kan styresmaktene òg gå seg ville.

Geitene på Kvist er her underlagde tankesett og perspektiv der menneska og nytten deira står i sentrum, og statsetatar verkar fanga i byråkratiske perspektiv, metodar og tiltak – med juridiske fallgruver – som dei er forplikta til å følgja. Kompleksiteten på bakken fortel oss at me er i ferd med å mista av syne verdien av eit liv i seg sjølv. Geitene har ei viktig lekse å læra oss.

Tommy Ose, Florian Stammler og Aytalina Ivanova

Tommy Ose er forskar og universitetslektor i antropologi ved UiT – Noregs arktiske universitet,
Florian Stammler er professor i sosial­antropologi og professor II ved UiT – Noregs arktiske universitet, og Aytalina Ivanova er seniorforskar i arktisk antropologi ved Universitetet i Lappland i Rovaniemi.

Fleire artiklar

I ei sterk scene skildrar Marc Brew korleis mor hans måtte dusje han etter ulykka, som om han var ein liten gut igjen.

I ei sterk scene skildrar Marc Brew korleis mor hans måtte dusje han etter ulykka, som om han var ein liten gut igjen.

Foto: Lars Opstad / CODA Oslo International Dance Festival

ReportasjeFeature

Du trur det ikkje når du ser han, at han reiser verda rundt med dansen sin. Marc Brew sit i rullestol.

Marita Liabø
I ei sterk scene skildrar Marc Brew korleis mor hans måtte dusje han etter ulykka, som om han var ein liten gut igjen.

I ei sterk scene skildrar Marc Brew korleis mor hans måtte dusje han etter ulykka, som om han var ein liten gut igjen.

Foto: Lars Opstad / CODA Oslo International Dance Festival

ReportasjeFeature

Du trur det ikkje når du ser han, at han reiser verda rundt med dansen sin. Marc Brew sit i rullestol.

Marita Liabø
Det var ein fiskar som oppdaga kvalflokken denne fredagsmorgonen, og så gjekk alarmen. Det blei bestemt at han skulle takast inn til Hvannasund. Der venta om lag hundre menneske som var varsla gjennom ei lukka gruppe på Facebook.

Det var ein fiskar som oppdaga kvalflokken denne fredagsmorgonen, og så gjekk alarmen. Det blei bestemt at han skulle takast inn til Hvannasund. Der venta om lag hundre menneske som var varsla gjennom ei lukka gruppe på Facebook.

Alle foto: Hallgeir Opedal

ReportasjeFeature

Grinda kjem!

I dag har eg vore med på å drepe 220 grindkvalar. Ja, mogleg det var 230, eg mista teljinga.

Hallgeir Opedal
Det var ein fiskar som oppdaga kvalflokken denne fredagsmorgonen, og så gjekk alarmen. Det blei bestemt at han skulle takast inn til Hvannasund. Der venta om lag hundre menneske som var varsla gjennom ei lukka gruppe på Facebook.

Det var ein fiskar som oppdaga kvalflokken denne fredagsmorgonen, og så gjekk alarmen. Det blei bestemt at han skulle takast inn til Hvannasund. Der venta om lag hundre menneske som var varsla gjennom ei lukka gruppe på Facebook.

Alle foto: Hallgeir Opedal

ReportasjeFeature

Grinda kjem!

I dag har eg vore med på å drepe 220 grindkvalar. Ja, mogleg det var 230, eg mista teljinga.

Hallgeir Opedal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis