Kvar er alle gutane?
Faksimile Dag og Tid.
Ungdomspartia på høgresida treffer zeitgeisten og det dei unge brenner for.
Dei unge stemmer blått. Trenden har blitt sterkare og sterkare dei siste åra, og ved lokalval i fjor stemte 45 prosent av veljarane under 25 år på Framstegspartiet og Høgre. Blant unge menn står dei to partia enda sterkare, dei kaprar 58 prosent av gutane. Venstresida er nesten utradert blant unge menn.
Vi kan spørje oss kva dette kjem av. Er det venstresida som skyv dei unge, og særleg gutane, vekk frå seg? Eller formidlar høgresida ein betre bodskap? Kjem høgresida med ein bodskap som i større grad går i hop med kva dei unge er bekymra for, og samfunnets framtidsutsikter? Eg heller mot det siste svaret.
I eit intervju 23. februar i Dag og Tid treffer Jørgen Lorentzen spikaren på hovudet når han snakkar om kvifor unge gutar rømmer frå venstresida. Lorentzens diagnose er at unge menn primært er opptatt av fridom, og «venstrepolitikk handlar om identitetspolitikk, og at ytringsklimaet på venstresida er for snevert».
Unge menn har ytringsfridom som ei av sine kjernesaker. UNG-rapporten til Opinion viser at dette er deira viktigaste sak. Same rapport har òg vist at klimaengasjementet til dei unge har blitt svakare de siste åra, trass i førestillinga om at dagens unge i dag er mest opptatt av klima. Spørjeundersøkinga frå fjorårets skuleval bekreftar dette, den viser at det er mindre enn ein tredjedel som vel klima- og miljøpolitikk som ei «svært viktig» sak. Til gjengjeld viser undersøkinga at etter skulepolitikk var det økonomi som var den viktigaste saka for elevane. Nesten halvparten av elevane i undersøkinga seier dei reknar økonomisk politikk som «svært viktig».
Vender vi blikket utover, kan vi sjå at ungdom i Europa har same bekymringar.
I Sverige fekk Moderaterna og Sverigedemokraterna til saman 48 prosent oppslutning blant dei yngste veljarane. I Danmark har Liberal Alliance vore størst blant dei unge veljarane i fleire år. Ved årets danske skuleval fekk partiet over 30 prosent av stemmene, omtrent dobbelt så mykje som sosialdemokratane.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.