Intervju
Gutane som glapp
– Venstresida har tapt fridomsomgrepet til høgresida og mistar difor dei unge mennene, seier kjønnsforskar Jørgen Lorentzen.
Leiar i Unge Høgre Ola Svenneby jublar på valvaka på Høyres Hus i Oslo etter kommunevalet i 2023.
Foto: Heiko Junge / NTB
Denne veka gjekk fleire menn på den politiske sentrums- og venstresida ut i media med bodskapen om at venstresida sviktar gutar og menn. Jo Skårderud i Klassekampen skreiv på leiarplass at «forsøk på debatt om utfordringene menn møter, faller flatt til jorda». I same avis spurde Magnus Marsdal frå Manifest Analyse retorisk om kvifor venstresida skal vere noko for unge menn «hvis de aldri har vært noe for oss?». Torkel Bjuland i KrFU sa til NRK at politikk frå venstresida om menns vilkår ikkje er truverdig.
Jørgen Lorentzen forska på menn og maskulinitet ved Senter for tverrfagleg kjønnsforsking ved Universitetet i Oslo i ei årrekkje. Han sit òg i kommunestyret for Nesodden Arbeidarparti. Kva meiner han?
– Dette er påstandar eg diverre er samd i. Den feministiske venstresida har dei siste 40 åra vore uinteressert i korleis det går med menn på skulen, i høgare utdanning, i arbeid og i helsetenestene, for å nemne nokre område. Det gjennomsyrer ideologien i likestillingsprosjektet.
– Mange på den feministiske venstresida vil nok rynke på nasen no. Har du nokre døme?
– Eg har sett mange døme på det i løpet av yrkeslivet. Eitt døme er skulen. Det er ganske mange år sidan Thomas Nordahl, ein av dei fremste forskarane på skulepolitikk, ropte varsku om gutar i skulen. Eg har ikkje sett eit einaste framlegg som har freista å bøte på det dei siste 30 åra. Ulikskapen i skuleprestasjonar består. No dominerer jenter i nokre av dei fremste utdanningane, som medisin, psykologi og tannlegestudiet, fordi gutane ikkje gjer det godt på vidaregåande skule.
– Er det negativt? Kvinnerørsla har arbeidd systematisk for å få kvinner inn i høgare utdanning, næringsliv og i akademia. Dette syner vel at likestillingsarbeidet har bore frukter?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.