Kvar synest best om si norm?
Kjell Arild Pollestad er framleis opprørt over korrekturen i Dag og Tid og gir tydeleg uttrykk for det i eit innlegg i førre nummer. Der utvidar han også klagemålet: Nynorsken ligg på sotteseng. Pollestad fryktar at det er så få igjen av «den gamle nynorskadelen» at nynorsk «som eit ‘bruksspråk’ på eit breitt, folkeleg grunnlag» ikkje står til å redde.
I alle dei åra eg har arbeidd med språk, har eg høyrt klagesongen om at nynorsken ligg på sotteseng. Somme meiner språket vil døy ut fordi norma ikkje er tilpassa den moderne røynda, andre trur det same vil skje fordi ihuga samnorskingar tek inn for mange bokmålsord i ordlistene. Somme trur nynorsken vil gå i grava fordi han har for mange valfrie former, andre seier det er fordi nynorsknorma er for snever. Om berre alle hadde skrive nynorsk som eg, meiner desse ottefulle menneska, ville nynorsken gått ei trygg framtid i møte.
Eg kan ikkje sjå inn i framtida, men eg registrerer at pasienten trass i alle spådommar verkar forunderleg livskraftig, og eg vågar den påstanden at nynorsken, til liks med kristendommen, vil overleve både Pollestad og meg.
Dag og Tid har mange skribentar med svært ulik stil. Vi kunne valt å leggje alle på ei prokrustesseng og tvinge dei inn i éi einskapleg form. Eg trur det ville ha hemma skribentane og skapt mykje uro, og vi ville fått ei dårlegare avis. Derfor gjer vi ikkje det. Men vi ønskjer at skribentane skal halde seg innanfor det som er gjeldande nynorsk rettskriving (dette er ikkje noko eg har funne på, slik Pollestad synest å meine, men vi har ei offisiell nynorsknorm i Noreg, og den finn vi mellom anna i Nynorskordboka på nettet).
Pollestad seier at han held seg til Arvid Langelands Nynorsk ordliste, som inneheld skriveformer og bøyingsmåtar som ikkje er i samsvar med offisiell rettskriving. Men han krev rett til gå utanfor også den norma og skrive «ei gleda» og «har etterlete», skrivemåtar som er framande for både Alf Helleviks og Arvid Langelands ordliste. Han vil ha si eiga personlege norm.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.