Nynorsken er diverre eit språk på sotteseng. I kringkastinga har dialektane teke kvelartak på målet – av den gamle nynorskadelen er det snart berre Ingvild Bryn att. Det lite gjennomtenkte slagordet frå Noregs Mållag: «Tal dialekt, skriv nynorsk» har hatt syrgjelege fylgjer. Eit mål ingen talar, vil sjølvsagt enda som eit mål ingen skriv. Mykje av det vesle som framleis vert skrive på nynorsk, verkar som det er tenkt på bokmål og omsett i hastverk med fingrane på veg til tastaturet. Språket er i full oppløysing. Snart er det berre «eg» og «ikkje» att. Sjølv i den nyaste nynorske bibelomsetjinga spøkjer det meir av bokmål under teksten enn av gresk og hebraisk.
På ein slik bakgrunn er det underleg at «språkvaskarane» Aud Søyland og Ole Jan Borgund kan døma om språket mitt som om eg skreiv på fransk, eit språk utan valformer, klårt definert av Det franske akademi. Slik er ikkje målstoda her til lands, slett ikkje for nynorsken. Rett nok har Språkrådet ein sterk trong til å normera, men inga formell makt til å gjera det. Rettskrivinga frå 2012 har ikkje nokon tvingande status som «gjeldande rettskriving». Det har heller ikkje Langelands Nynorsk ordliste, men ho har målkjensle og tradisjon på si side. Her finn me dei formene samnorskfolk ville ha bort. Dei ville og ha bort «riksmålsformene» i bokmålet, men her tapte ideologane mot poetane, Språkrådet mot Akademiet. Sigerstrofeen heiter Det Norske Akademis store ordbok (naob.no).
Nynorsken står truleg ikkje til å redda som eit «bruksspråk» på eit breitt, folkeleg grunnlag. Folket vil ikkje ha det. Det vekkjer same mothug som kristendomen. Den norske kyrkja held likevel fram med å leika «folkekyrkje» utan folk. Skal me gå i same leiken med eit «folkemål» få brukar og endå færre kan? Det er språkleg harakiri. Sanninga er at nynorsken er vorten eit elitespråk som ikkje har anna framtidsvon enn sine diktarar og nokre utemjelege språkleikande brukarar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.