Eivor Andersen Oftestad synest eg burde skjøna at når ho skriv at nestekjærleiken ikkje var ei naturleg haldning i den norrøne kulturen, så meiner ho tvert imot at det var nett det han var. Grunnen til at eg ikkje forstår det, er at «her ligg Aareskjolds fordommar tjukt på leseglasa».
Tja. Som det står i evangeliet etter Matteus, kapittel 7, vers 3: «Kvi ser du flisi i auga åt bror din, men bjelken i ditt eige auga, den vert du ikkje var?»
Her er meir enn ei flis å spikka, og Oftestad stiller seg lagleg til for hogg. Men eg skal halda meg til spørsmålet om kristendomen som den einaste måten å sikra menneskerettane på. Trass i kyrkjeleg eigenreklame gjennom to tusen år kan det jo tenkjast at det kunne ha vore gjort både enklare og betre enn ved å la Olav Digre lemlesta motstandarane sine. I alle fall er det vanskeleg å finna noka reell etisk forbetring ved religionsskiftet her i nord, der einskildmennesket stod sterkt frå før, og ætta berre var ein av fleire relasjonar å velja mellom. Dessutan var æresomgrepet eit heilt anna enn det som er kjent frå innvandrardebatten i nyare tid: Dei som blei drepne, var alltid menn.
Kor mange nyfødde som faktisk blei sette ut i skogen i heidensk tid, må vurderast i samband med kor mange som døydde av å bli døypte i vinterkalde kyrkjer etter kristninga. Det er heller ikkje heilt uinteressant kor mange det var som mista mor si altfor tidleg fordi ho sjukna bort av å måtta stå på nordsida i kyrkja under gudstenestene. For eitt av dei mangfaldige tabua som kristendomen hadde med frå Midtausten, var at kvinnene var ureine.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.