Ordskifte

Lyntog er inga avsporing

Oslo 20241225. Togene på Oslo S er innstilt. Det er full stans i togtrafikken i hele landet på grunn av feil på kommunikasjonssystemet mellom togene og toglederne.Foto: Amanda Pedersen Giske / NTB
For lange transportar er eit effektivt jernbanenett best, skriv Sætre.
Publisert Sist oppdatert

I eit intervju den 10. januar hevdar Idar Mo at «buss for tog ikkje er noko å sukke over. Det er framtida». Mo tek nok feil om moderne tog.

Transportnettet er ein viktig infrastruktur, men viktigast er kraft og energi. For lokal transport er vegnettet avgjerande. Langs kysten er skip klart best. For lange transportar elles er eit effektivt jernbanenett best, men det bør vere lyntog.

Selskapet Norsk Bane er no i ferd med å avslutte ein ny rapport om Vestlandsbanen – lyntog mellom Oslo og Bergen/Stavanger. Første del kom i november 2024, og den siste er venta i januar 2025.

Politikarane treng å sjå på norsk infrastruktur med nye auge og ta i bruk oljefondet til ein framtidsretta infrastruktur for ei nødvendig omstilling av norsk næringsliv. Det var spesifikt nemnt då fondet blei oppretta. Dette vil føre til ein ny giv for distriktspolitikken og for å ta heile landet i bruk. Dette bør bli eit tema i valkampen til hausten.

Perspektivmeldinga hevdar at 75 prosent av nasjonalformuen er humankapital (framtidig arbeid). Det har minst to absolutte føresetnadar: nok tilgang til rimeleg energi og ein god infrastruktur.

I USA var den beste offentlege investeringa nokon gong utbygginga av det mellomstatlege vegnettet. Eit godt vegnett gjer at kommunikasjon og innanlandsk varebyte skjer effektivt. Det aukar produktiviteten og den nasjonale verdiskapinga.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement