Magnus 6. og Frostating i 1274
Les også
Steinhovudet er ein kopi av ein skulptur av Magnus Lagabøte, som heng i Stavanger domkyrkje. Fotografiet høyrer til utstillinga «Med lova i hand: Magnus Lagabøtes landslov, 1274–2024» på Nasjonalbiblioteket. Foto: Gorm K. Gaare/Nasjonalbiblioteket
«Dersom vi skal forstå Magnus Lagabøte, må vi nytta kjelder frå tida då han levde.»
Les også
Magnus Lagabøte, Noregs fjerde Magnus-konge
Les også
Stordomen til Landslova

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Historie
Eldbjørg Haug peikar i eit lesarbrev i Dag og Tid 16. februar på at min artikkel om Landslova same stad inneheld to feil. For det fyrste at Magnus Lagabøte var den fjerde og ikkje den sjette Magnus i den norske kongerekka, og for det andre at Landslova vart gjeven på Gulating i 1274 og ikkje på Frostating.
Når det gjeld nummereringa av norske kongar, har eg halde meg til nummereringa i Store norske leksikon og den kongehuset sjølv opererer med.
Ingen veit sikkert om Landslova vart fyrst gjeven på Gulating eller Frostating. Magnus Rindal vil, som Haug, hevda at den vart gjeven på Gulating. Som Steinar Imsen støttar eg meg på P.A. Munch si vurdering av dei islandske annalane, og kjem til at det der har skjedd ei forveksling av årstal. Det besøket som kong Magnus gjorde på Frostating, fann difor ikkje stad i 1275, men året før.
Det er òg logisk at Landslova vart fyrst gjeven på Frostating. Alt i 1267 vart det som Rindal meiner var ein fyrste versjon av Landslova, gjeven på Gulating. Deretter vart lovboka vedtatt på Borgarting og Eidsivating i 1268, men avvist på Frostating i 1269. Frostatingsområdet var difor det einaste som mangla ei oppdatert lovbok i 1274.
Som Gudmund Sandvik har peika på, var det viktig å få Landslova vedtatt før erkebiskop Jon Raude kom heim frå Frankrike. Det var han som var mykje av årsaka til at den fyrste versjonen av Landslova ikkje vart vedtatt i 1269. Det må difor ha stått fram som sikrast å leggja fram den andre versjonen på Frostating medan han var ute av landet.
Jørn Øyrehagen Sunde er professor ved Institutt for offentleg rett
ved Universitetet i Oslo.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Celeste Dalla Porta spelar hovudrolla som Parthenope, som i gresk mytologi er ei sirene.
Foto: Arthaus
Årets dårlegaste?
Verken innhald eller bodskap gjev meining i Paolo Sorrentinos siste rampestrek.
Morten Søberg er direktør for samfunnskontakt i SpareBank 1 og har skrive fleire essaysamlingar om økonomi, politikk og skriftkultur.
Foto: Spartacus
Fall og vekst i Sør-Atlanteren
Morten Søberg er best når han ser vidare enn pengestellet.
I heimen sin på Norneshaugane ved Sogndal har Idar Mo forfatta eit hundretal innlegg om norsk samferdslepolitikk, dei fleste om uforstanden i satsinga på jernbanen.
Foto: Per Anders Todal
Talknusaren og den store avsporinga
For Idar Mo i Sogndal er ikkje buss for tog noko å sukke over. Det er framtida.
Tanya Nedasjkivska i Butsja i Ukraina sørger over ektemannen, som var mellom dei mange myrda sivilistane som russiske invasjonsstyrkar på retrett lèt etter seg langs gatene i 2022.
Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB
«Utan den militære støtta ville Ukraina i dag vore okkupert av Russland.»
Kart: Anders Skoglund, Norsk Polarinstitutt
Arvingane til Amundsen
Om lag 200 menneske vitjar Sørpolen kvart år. Denne sesongen sette fire nordmenn av garde på ski. Ikkje alle kom fram.